Vetle Sjåstad Christiansen hadde ingen stor dag under fellesstarten i VC-rennet i Nove Mesto.
Vetle Sjåstad Christiansen hadde ingen stor dag under fellesstarten i VC-rennet i Nove Mesto.

Tre bom på standplass

Vetle Sjåstad Christiansen hadde ingen stor dag under fellesstarten i sundagens verdscuprenn.

Skiskyting: Sist helg viste geilingen at han kan hamle opp med dei beste i skiskyttarsporet. Før helgas VC-renn i Nove Mesto, hadde han lagt lista høgt med tredjeplass i jaktstarten i Hochfilzen og ein kanongod sisteetappe som sikra Norge andreplassen i stafetten.

Høge forventningar

Det var høge forhåpningar om kva han kunne oppnå i siste VC-runde i Nove Mesto før juleferien. Men med ein 32.-plass i torsdagens renn og ein 20.-plass under laurdagens jaktstart, var det klart at han ikkje kom til å kopiere prestasjonane i Hochfilzen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sundagens fellesstart i Nove Mesto var det tidleg klart at geilingen ikkje kom til å kjempe om pallplass.

Tre strafferundar

Med to bom alt på fyrste liggjande, var han ute av medaljestriden. Han leverte raske og feilfrie seriar på andre og fjerde skyting, men med ein strafferunde også på tredje skyting, var han sjanselaus til å kjempe om ei topplassering.

På siste mellomtid før målpassering låg han på 23.-plass, men i sluttspurten tok han eit par plassar og enda til slutt på ein 21.-plass, 3 minutt og 12 sekund bak Johannes Thingnes Bø, som viste suveren form under sundagens fellesstart. Thingnes Bø har så langt vunne seks av åtte VC-renn denne sesongen.