Tour de Hallingdal starta torsdag og held fram resten av helga.
Tour de Hallingdal starta torsdag og held fram resten av helga.

Touren i gang – sjå når vegen gjennom Gol blir stengd

Markus Hoelgaard frå Team Joker Icopal leia Tour de Hallingdal etter første etappe.

Første etappe vart køyrd som tre kilometer bakketempo i Liagardane i Herad torsdag kveld.

Hoelgaard sykla på 8,45 og vann med fem sekund føre Kristian Aasvold frå Team Coop og åtte sekund føre Torstein Træen frå UNO-X.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakketempo

Hallingdals einaste utøvar, Sjur Lien Sagabråten, vart nummer 34 i juniorklassen.

Opp Liagardane sykla han to minutt seinare enn Sindre Hvasser Bræin frå Bærum OCK. Kvinneklassen vart vunne av Ingvild Gåskjenn frå Hitec Products. I kvinner junior vann Amalie Lutro frå Stavanger SK. Tour de Hallingdal heldt fram fredag føremiddag med ei hard etappe tur-retur Sanderstølen. 

Harde etappar

Laurdag ventar ein ny hard etappe.

Frå start i Gol går den via Leveld over Fanitullvegen til Hemsedal og vidare til Robru og opp til Storefjell. Etappen er 111 kilometer lang. Sundag er det målgang i Gol sentrum.

I to periodar på ein time blir derfor delar av Gol sentrum stengd sundag:

* 09.30-10.30.

* 12.00-13.00.