Tour of Norway endrar løypa til årets ritt. Det betyr at Geilo og Flå er ute etter å ha hatt målgang og start dei to siste åra.
Tour of Norway endrar løypa til årets ritt. Det betyr at Geilo og Flå er ute etter å ha hatt målgang og start dei to siste åra.

Touren droppar Hallingdal

Tour of Norway legg rittet til andre vegar enn i Hallingdal i år.

Måndag presenterer arrangøren etappane i årets Tour of Norway.

Rittleiar Birger Hungerholdt vil ikkje avsløre løypa, men stadfestar overfor Hallingdølen at Hallingdal ikkje er med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er rett, seier Hungerholdt.

– Kjem tilbake

Dermed blir det ingen sykkelfest på Geilo eller i Flå slik det har vore dei to siste åra.

Då har Geilo hatt målgang for etappen som har gått frå Rjukan over Imingfjell, gjennom Rødberg til Tunhovd og over til Geilo. Flå har vore startstad for etappen dagen etter. At Hallingdal i år ikkje får besøk av Tour of Norway som blir arrangert frå 17.–21. mai, botnar ikkje i noko anna enn at arrangøren varierer løypa frå år til år.

– Me rekk ikkje over heile landet. Men me kjem nok tilbake. Det er heilt sikkert, seier Hungerholdt.

Reklame

Geilo og Flå betalte i fjor til saman 1,2 millionar kroner for å få sykkelsirkuset til dei to bygdene.

På Geilo bidrog ulike aktørar med kring ein million kroner for å få målgang, mens Flå som startstad betalte 200.000 kroner. Men sjølv om det kosta mykje å få Tour of Norway til Hallingdal, var det god reklame. Under rittet i 2015 vart Geilo nemnt 120 gonger i løpet av halvannan time på TV2. 89 presseoppslag Europa rundt handla om sykkelrittet og Geilo. Etappane der Geilo og Flå var med, vart i snitt følgd av høvesvis 195.000 og 193.000 sjåarar, og på det meste følgde 348.000 etappen til Geilo. Turistsjef i Hol, Pål Knutsson Medhus, anslo då at det var reklame verdt 30 millionar kroner.