Tiril Sjåstad Christiansen lovar å rydde opp i runnet før finalen.
Tiril Sjåstad Christiansen lovar å rydde opp i runnet før finalen.

To vidare til finale

Tiril Sjåstad Christiansen og Øystein Bråten klarte Dew Tour-finalen med eit nødskrik.

Freeski: Denne veka går ski- og brettkonkurransen Dew Tour i Breckenridge i USA.

Øystein Bråten var i aksjon i kvalifiseringa torsdag kveld. Torpingen håpa på ein finaleplass, men etter to uryddige run var han nummer 11 og ein plass bak direktebillett til finalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bråten måtte ut i ei ny kvalifisering, der ti køyrarar kjempa om to finaleplassar. Med 86 poeng var han to poeng bak heatsiger, men kapra likevel den siste finaleplassen.

– Eg rota det litt til i dag med småfeil i dei fyrste runna mine, men enda heldigvis opp med å lande eit run som tok meg til finale. Eg måtte ut i sistesjansekvalifisering, og visste at eg måtte lande siste runnet. Litt blanda kjensler, og visste ikkje om eg fekk høg nok score, men eg klarte det. Sjukt rått, oppsummerte han torsdag kveld.

Opp eit hakk

Fredag kveld køyrde broren Gjermund for ein finaleplass i snøbrett.

Begge desse slopestylefinalane går sundag kveld, norsk tid.

– Finale blir fett. Eg må køyre reinare og steppe opp eit par hakk. Men eg har trua, seier Øystein, som vart nummer to i konkurransen i fjor.

Til finale

Onsdag kveld opna freeskijentene Dew Tour.

Tiril Sjåstad Christiansen og Johanne Killi var dei norske deltakarane, og etter slopestylekvalifiseringa gjekk begge direkte til finalen.

For Tiril var det små marginar. Med 74,60 poeng vart ho nummer fem og tok den siste direkteplassen. Det var likevel god margin ned til konkurrentane, Christiansen var fire poeng føre jenta på sjetteplass. Johanne Killi vart nummer tre med 84,20 poeng. Stortalentet Kelly Sildaru frå Estland vart nummer to, medan svenske Emma Dahlstrøm vann kvalifiseringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er ikkje så veldig fornøgd med køyringa mi i dag, men glad eg karra meg vidare. No blir det skjerpings i finalen! Veldig moro med Johanne som er rå i dag, sa Christiansen til bladet Fri Flyt etter finalen.

Sjølve finalen for jentene i Dew Tour går laurdag kveld, norsk tid.