Karoline Seljevoll Herleiksplass vart femte beste i sitt semifinaleheat. (Arkivfoto)
Karoline Seljevoll Herleiksplass vart femte beste i sitt semifinaleheat. (Arkivfoto)

To geilingar i semifinalar

Fleire geilingar deltok i Pleasure Jam-konkurransen i Austerrike.

Snøbrett: Fire unge brettkøyrarar frå Geilo var sist helg i Schladming i samband med den fire-stjerners brettkonkurransen Pleasure Jam.

Der var også fleire av dei beste køyrarane i verda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til semifinalen

I herreklassen deltok Stian Kleivdal og Martin Garnås Sire.

Kleivdal vart nummer åtte i slopestylekvalifiseringa, medan Sire vart nummer 16. Dei 12 beste gjekk vidare til semifinale. Der kom det inn 17 køyrarar med invitasjon til konkurransen. I semifinalen sette Stian Kleivdal eit greitt run. Med 67,25 poeng var han ni poeng bak finaleplass. Berre dei åtte beste gjekk til finalen. Der vann amerikanske Eric Beauchemin. Kleivdal vart til slutt nummer 15 av dei 29 startande. Martin Garnås Sire var fjerde best av dei som ikkje kom til semifinalen, og vart nummer 33 totalt.

Ingen finale

I dameklassen hadde geilingane også to representantar.

Stian Kleivdal.
Stian Kleivdal.

Karoline Seljevoll Herleiksplass og Camilla Ihleby var begge på start i slopestyletevlinga. Herleiksplass sette runnet sitt, og med 40 poeng vart ho nummer fem i sitt kvalifiseringsheat. Dei tre beste i kvart heat gjekk til semifinale. Herleiksplass vart til slutt nummer 10 av 30 deltakarar. Ihleby var uheldig og ramla i begge sine forsøk. Ho vart nummer 24.

I desember reiser Ihleby, Herleiksplass, Sire og Kleivdal til Colorado, USA, på treningssamling.