Pål Golberg fekk ei god sprintgjennomkøyring på Beitostølen. Biletet er frå sprinten i Drammen i fjor. (Arkivfoto)
Pål Golberg fekk ei god sprintgjennomkøyring på Beitostølen. Biletet er frå sprinten i Drammen i fjor. (Arkivfoto)

Til finale på Beitostølen

Pål Golberg hadde suksess med festesmurning på klassisksprinten.

Golberg viste gode takter frå start på Beitostølen.

I prologen var det berre Sondre Turvoll Fossli som var raskare enn løparen frå Gol. Diskusjonen på Beitostølen gjekk om det var best å gå på skøyteski og stake rundt løypa, eller klassiskski med festesmurning. For Golberg var det aldri tvil, og taktikken sendte han til finalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Taktikk

I kvartfinalen låg han roleg bak i feltet ut frå start, men inn i danskebakken sette han inn trøkket og passerte ein stakande Petter Northug jr.

Inn mot mål var det ingen som kunne utfordre dei to og begge gjekk greitt vidare fil semifinalen.

Der dreidde alt seg om Northug, Golberg og Ola Vigen Hattestad. Dei to fyrste hadde teten, men inn mot mål sneik OL-vinnaren frå Ørje seg foran Golberg med ei lang tå. Tida var likevel god nok til finaleplass.

Tøff finale

Der møtte dei Sondre Turvoll Fossli, Timo André Bakken og Johan Kjølstad.

Som tidlegare heat heldt Golberg seg i ro bak i feltet. Utover i løpet var det få som kunne gjere noko med lynraske Sondre Turvoll og Petter Northug jr. På oppløpet kom Northug tilbake og sikra sin fyrste siger for sesongen. Fossli vart nummer to og Johan Kjølstad tok tredjeplassen. Pål Golberg vart nummer fire, 4,1 sekund bak Northug.

Overraskelsesjenter

I kvinnene sin finale var Ingvild Flugstad Østberg favoritt. Men det vart ein overraskande pall.

Barbro Kvåle kom i enorm fart inn på oppløpet og tok sigeren føre Kari Vikhagen Geitnes og Katrine Harsem. OL-vinnar Østberg var fire tidelar for seint ute til å hamne på pallen.

Neste helg startar verdscupen i finske Kuusamo.