HFK tapte 6–1 mot eit sterkt Strømsgodset 3 i Drammen sundag. – Me vart til tider utspelt, seier HFK-trenar Jan-Eirik Thorberg. (Arkivfoto)
HFK tapte 6–1 mot eit sterkt Strømsgodset 3 i Drammen sundag. – Me vart til tider utspelt, seier HFK-trenar Jan-Eirik Thorberg. (Arkivfoto)

Tapte mot Godset

HFK tapte 6–1 mot eit sterkt Strømsgodset 3 sundag.

Det vart ingen god dag for HFK i Drammen sundag. Strømsgodset 3 vart for sterke i sommarvarmen på Marienlyst og leia 2–0 alt etter 8 minutt. Tidleg i andre omgang kom HFK sitt mål. Markus Thorberg scora. Då dommaren bles av, stod likevel stillinga 6–1 til Godset.

– Det var ein tung kamp. Strømsgodset stilte eit veldig godt lag, og me vart til tider utspelt. Dei var rett og slett betre enn oss, seier HFK-trenar Jan-Eirik «Jansen» Thorberg etter nederlaget.