Kjetil Lien var frampå for HFK, men klarte ikkje pynte på resultatet. (Arkivfoto)
Kjetil Lien var frampå for HFK, men klarte ikkje pynte på resultatet. (Arkivfoto)

Tapte mot favoritten

Hallingdal FK var fullt på høgde med Korsvoll i periodar, men oslolaget fekk med seg alle poenga.

Fotball: Korsvoll låg på andreplass i avdelinga før Hallingdal FK kom på besøk laurdag.

Eit HFK-lag prega av skader, sjukdom og karantene, var førebudd på god motstand borte mot oslolaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korsvoll blir ei fin utfordring for våre håpefulle. Me satsar på ein ny solid bortekamp og poeng, skreiv trenar Jan-Eirik Thorberg på heimesidene før kampen.

Tøft

Det vart ein jamn kamp, og gjestane hadde ein god start på kampen.

Likevel var det heimelaget som scora fyrst. Dei spelte seg gjennom forsvaret, og korsvollspissen sette inn 1–0. Dei hadde fleire sjansar i minutta etter, utan å auke leiinga. For HFK var Jonas Bergane frampå med forsøk på utlikning, men forsøket gjekk like utanfor stolpen. Laga gjekk til pause på 1–0 til Korsvoll.

Både Kjetil Lien (bak) og Jonas Bergane hadde sjansar mot Korsvoll. Markus Thorberg stod over kampen grunna skade. (Arkivfoto)
Både Kjetil Lien (bak) og Jonas Bergane hadde sjansar mot Korsvoll. Markus Thorberg stod over kampen grunna skade. (Arkivfoto)

Tre poeng

I andre omgang hadde HFK ein god start og pressa oslolaget for å få ei utlikning.

I det 58. minutt fekk Chris Magnetun raudt kort etter ein krangel med ein motspelar, og HFK måtte for tredje kamp på rad avslutte kampen med ti spelarar. Mot slutten av omgangen rakna det litt for eit hardtkjempande HFK-lag. 2–0 kom etter 67 minutt, og etter det tok Korsvoll over styringa. To mål på overtid gjorde at heimelaget til slutt vann 4-0, og tok leiinga i serien.

HFK har no ein kamp igjen før det er fotballferie til august. Laurdag møter dei Røa heime på Gol. Før den kampen ligg hallingane på niandeplass på tabellen, medan gjestane har sju poeng meir på ein femteplass.

3.div. menn

Korsvoll- Hallingdal FK: 4–0 (1–0)