Stian Bogar tapte plassen om OL-billett etter det amerikanske uttaket i Bærum.
Stian Bogar tapte plassen om OL-billett etter det amerikanske uttaket i Bærum.

Tapte for Brekne

- Han takla forholda betre enn meg, seier Stian Bogar etter at han for andre gong på fire år har mista OL-plassen til Odd Arne Brekne.

Skyting: Det var høgdramatisk på Løvenskioldbanen i Bærum, då lagkameratane møttest til amerikansk uttak måndag og tysdag.

Etter den fyrste dagen var Brekne i føringa med fire poeng. Men alt kan skje i ein marginal idrett som skyting, og Bogar hadde håp om å slå tilbake i den siste konkurransen tysdag. Men utover i konkurransen vart forspranget berre større. Før dei tjue siste skota låg han åtte poeng bak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men lyngdølen vart for sterk, og Odd Arne Brekne er dermed klar for OL.

- Eg hadde eit mål om å nå OL. Men Odd Arne var betre enn meg i desse forholda, det var ujamne vindforhold og han er nok betre på å lese vind enn det eg er, seier Bogar.

- Eg er eigentleg nøgd med eigen skyting, i går tenkte eg fleire gonger at eg skaut godt, men så skaut jo han like godt, og litt betre. Det hadde vore surare å tape om eg ikkje hadde følt at eg gjorde mitt beste.

Odd Arne Brekne,Ole Kristian Bryhn, Are Hansen og Malin Westerheim er dei norske skyttarane som reiser til Rio-OL om 66 dagar.