Jesper Taaje, her etter ein seriekamp i fjor.

På hovudet ut av cupen etter ellevilt straffe-drama

(Eik Tønsberg - Sandefjord 2-2) Cupeventyret tok ein rask og brutal slutt for Jesper Taaje og Sandefjord.

Sandefjord gjesta 3. divisjonslaget Eik Tønsberg i første runde av cupen onsdag kveld.

Jesper Taaje, som har vore fast inventar i startelleveren til Sandefjord i heile år, fekk kvile. Han måtte dermed sjå heile «rysaren» frå benkeplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Komfortabel start

Sandefjord tok ei oppskriftsmessig leiing etter ein halvtime, og rett etter pause såg dei ut til å kunne kontrollere inn ein kurant siger då dei dobla til 2-0.

Men heimelaget var ikkje ferdig på jobb for kvelden. Med 20 minutt att å spele reduserte Eik Tønsberg, og fekk att trua på at dei kunne detonere ein aldri så liten cupbombe.

Klokka tikka forbi 90 minutt, og kampen gjekk til overtid - framleis med Sandefjord i leiinga.

Men i det 95. minutt eksploderte det i Tønsberg. Heimelaget fekk corner, og greidde å halde trykket oppe mot Sandefjords mål. Så ramla ballen ned framfor Eik-spelar Anders Nygaard, som fekk tid til å legge kula til rette - og sende ballen i ei vakker bue mot motsett kryss.

Skuddet gjekk i mål til 2-2, og Eik Tønsberg sikra ekstraomgangar mot storebror frå Eliteserien.

Ekstraomgangane vart mållause, dermed kunne dommar Håvard Bjerkelund gjere klart for straffesparkkonkurranse.

Drama

Sandefjord opna med å bomme, mens Eik Tønsberg sette sine fire første i mål. Men så bomma også dei på sin femte og siste.

Alexander Ruud Tveter gjekk fram for å ta Sandefjords siste straffe, men missa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed sende han Eik Tønsberg vidare i cupen - og heimepublikummet til himmels.

Cupeventyret er dermed over for Jesper Taaje, som aldri kom på banen i Sandefjord-nederlaget.

Grei LSK-skuring

Espen Garnås og Lillestrøm var også i aksjon onsdag kveld, mot 3. divisjonslaget Skedsmo. Det såg ikkje heilt lovande ut til pause for LSK, som kom til Skedsmo stadion med eit rykande ferskt cupfinale-tap i beina. Stillinga var framleis 0-0 ved halvspelt kamp.

Garnås starta som vanleg kampen på stopparplass. Under finalen mot Brann sist helg vart han bytta ut, men onsdag fekk han samtlege 90 minutt på bortegraset.

Det losna til slutt for Lillestrøm. Kveldens første scoring kom i det 61. minutt, og i løpet av dei neste 20 minutta sette bortelaget tre mål til. Kampen enda til slutt med ein komfortabel 4-0-siger til LSK, som dermed er vidare til andre runde.

Les også
– Synd kongen ikkje kom. Då kunne han sett ein halling spele cupfinale!