Vetle Sjåstad Christiansen opna godt på fellesstarten, men fekk det tøft på ståande.
Vetle Sjåstad Christiansen opna godt på fellesstarten, men fekk det tøft på ståande.

Svikta på ståande

Vetle Sjåstad Christiansen fekk trøbbel på ståandeskytinga under fellesstarten på Sjusjøen.

Skiskyttarane opna sesongen på Sjusjøen i helga.

Sundag gjekk løparane fellesstart, og etter tredjeplassen på sprinten laurdag var Vetle Sjåstad Christiansen (22) blandt favorittane. Han opna med å følge opp innsatsen på standplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ut frå fyrste skyting var han nummer to, 3,2 sekund bak Lars Helge Birkeland. Begge med fullt hus. Også på den andre skytinga fyllte geilingen, og gjekk ut heilt i tet.

Bom

På ståande vart det tøft.

Christiansen måtte ut i strafferunden to gonger etter fyrste ståande serien, og passerte ut på 13. plass, over 50 sekund bak teten.

På siste ståande vart det tre nye strafferundar. Dermed var geilingen langt unna posisjon til ein reprise frå fjoråret då han kjempa Ole Einar Bjørndalen om sigeren på sisterunden. Til slutt vart Vetle Sjåstad Christiansen nummer 18, tre minutt bak vinnar Bjørndalen.

Viktige renn

Ole Einar Bjørndalen vann til slutt fellesstarten føre Lars Helge Birkeland. Emil Hegle Svendsen vart nummer tre.

Pål Kristian Grue Tufte (Geilo) vart nummer åtte i b-heatet som gjekk tidlegare på dagen.

Renna på Sjusjøen er avgjerande for uttak til verdscupopninga i Östersund om to veker, og for IBU-cup.