Frida Strendo scora seks mål i bortekampen mot Holmestrand. (Arkivfoto)
Frida Strendo scora seks mål i bortekampen mot Holmestrand. (Arkivfoto)

Storsiger for HFK-damene

HFK-damene tok ferie i toppen av tabellen. I haustopninga imponerte dei med storsiger.

Fotball: I helga møtte HFK-damene Holmestrand borte til den fyrste kampen i haustsesongen.

Vårens møte mellom laga enda med 3–0 seier til HFK-damene etter at dei hadde dominert stort mot eit kompakt og tett forsvar. Til helgas kamp hadde Holmestrand sju spelarar på kampkortet, som ikkje spelte kampen mot HFK i vår.

Artikkelen held fram under annonsen.

HFK-damene hadde òg fleire spelarar ute. Det var derfor litt usikkert kva lag damene skulle møte og korleis kampen skulle utvikle seg.

HFK som vanleg i ein 4-2-3-1-formasjon tok raskt tak i kampen og Marte Botten scora 1–0 på frispark alt i det sjette minutt. Holmestrand hang greitt med dei fyrste 20 minutta, men så begynte kreftene å ta slutt. HFK-damene er flinke til å halde tempoet oppe og då vart det vanskeleg for Holmestrand å henge med. HFK scora heile seks mål i fyrste omgang etter mykje fint spel og flotte scoringar. Frida Strendo scora eit ekte hat-trick med fire av totalt sju mål frå HFK damene i fyrste omgang. Andre scoringar før pause stod Helene Magnetun (2–0) og Ingvild Kvåle Myksvoll (4–0) for. HFK leia heile 7–0 til pause.

Andre omgang heldt fram der den fyrste slapp, med høgt tempo hjå HFK-damene og litt slitne holmestranddamer. Kaptein Syversrud sette 8–0 alt i det 46 minuttet. HFK teikna seg for heile åtte scoringar i andreomgangen. Flest scoringar stod Frida Strendo for med seks mål, samt assistanse på Syversrud sitt 8–0 mål. Scoringar i andre omgangen kom ved Sunneiv Syversrud, tre mål, (8-0, 11-0, 13-0) Frida Strendo, to mål, (10-0,14-0), Ingvild Kvåle Myksvoll, to mål, (9-0, 12-0) Hanna Breihagen Hovland, eitt mål, (15-0).

Dette var ein god start på haustsesongen for HFK-damene mot ein litt for svak motstandar. Holmestrand sleit veldig med tempo og uthaldenheit utover i kampen, medan HFK stod godt i 90 minutt, noko som lovar godt for resten av sesongen. HFK ligg framleis på andreplass på tabellen, fen poeng bak leiande Hønefoss. Neste seriekamp er heime på Hallingmo 28. august.

3. div. damer:

Holmestrand/Re- HFK: 0–15 (0–7)

Mål for HFK: Frida Strendo 6, Sunneiv Syversrud 3, Ingvild Kvåle Myksvoll 3, Helene Magnetun, Hanna Breihagen Hovland, Marte Botten