Christoffer Fagerli Rukke (28) satsar vidare utanfor landslaget. (Arkivfoto).
Christoffer Fagerli Rukke (28) satsar vidare utanfor landslaget. (Arkivfoto).

Storebror Rukke meir motivert enn på lenge

– Eg er i tenkeboksen og har ikkje bestemt meg for om eg skal takke ja til å trene saman med landslaget.

Christoffer Fagerli Rukke (28) er ein av tre skøyteløparar utanfor forbundslaga som har fått tilbod om å trene saman med landslaget mot å dekkje alle utgiftene sjølv.

– I tenkeboksen

Christoffer fekk same tilbodet i fjor. Då valde han å fortsetja som «kaptein» på Norges Skøyteakademi, ei rolle han har hatt sidan han mista landslagsplassen for to-tre år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var veldig lærerikt og inspirerande å ha Jeremy Wotherspoon som trenar. Han er ein dyktig trenar som eg hadde håpa å fortsetja samarbeidet med. Derfor er det freistande å takke ja til tilbodet om å trene saman med landslaget etter at Jeremy har vorte trenar der. Eg er i tenkeboksen fordi det er uvisst med skøyteakademiet. Det er også eit økonomisk spørsmål, seier Christoffer.

Mot OL i 2018

Utgiftene til treningssamlingar som medtrenande blir mindre for Christoffer enn for veslebror Henrik som bur i Hol.

– Eg bur i Oslo og har kort veg til Olympiatoppen der dei fleste samlingane er. Så tilbodet er interessant, eg slepp ekstra buutgifter, seier han.

– Motivasjonen etter ein middels sesong?

– Eg er meir motivert enn på lenge etter at eg sette pers på 1000 meter på 1.08,77 og gjekk under 1.09 for fyrste gong i Calgary. Det gav sjølvtillit og motivasjon til å satse mot OL i 2018.