Therese Johaug har vunne Skarverennet åtte gonger. (Arkivfoto)
Therese Johaug har vunne Skarverennet åtte gonger. (Arkivfoto)

Stjernene går Skarverennet

Som alltid blir det knallharde oppgjer når langrennseliten gjer opp om sigeren i Skarverennet.

Langrenn: Ein månad etter at dei avslutta sesongen stiller langrennseliten til start på Skarverennet laurdag 23. april.

Det gjer dei i lag med 12.200 langrennsløparar i trim- og konkurranseklassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Favoritt

I kvinneklassen har Therese Johaug vore dronninga i nyare tid.

Heile åtte gonger har ho vore fyrste kvinne i mål. Ho får selskap av mellom andre Ingvild Flugstad Østberg, Heidi Weng og Astrid Uhrenholdt Jacobsen, som alle har utfordra henne i verdscupen i vinter.

I herreklassen vann sveitsiske Toni Livers i fjor. Han kjem tilbake i år. Då får han konkurranse frå landslagsløparane Sjur Røthe, Niklas Dyrhaug, Finn Hågen Krogh og Chris Jespersen. Petter Northug stiller også. Alle desse er på plass når det er presentasjon og startnummerutdeling ved Geilohallen fredag kveld.

Direkte-tv

I trimklassen har det dei siste åra vorte trekt ein vinnar som får ein spesiell premie.

I eitt år kan ein heldig løpar disponere ein Subaru. I år er det ein heilt ny Subaru Levorg som skal loddast ut.