Hege Bøkko vart norsk meister sprint på Hamar.
Hege Bøkko vart norsk meister sprint på Hamar.

Sprintgull til Bøkko

Laurbærkransen er beviset på at Hege Bøkko er Norges beste skøytesprintar.

Sundag vann Hol-løparen eit suverent NM-gull i sprint på Hamar. Grunnlaget la ho laurdag med distansesigrar både på 500 meter og 1000 meter med tidene 39,02 og 1,17,70. Sundag følgde ho opp med 38,64 og 1,17,86. Bøkko vann føre Martine Ripsrud frå Stange og Ellen Bjertnes frå Geithus.

Artikkelen held fram under annonsen.

I herreklassen vann Håvard Holmefjord Lorentzen frå Fana. Etter 35,20 og 1,09,08 laurdag leia han føre Espen Aarnes Hvammen (Eidsvold) og Henrik Fagerli Rukke frå Hol. Dette vart også stillinga etter sundagens øvingar. Då gjekk Lorentzen 500 meter og 1000 meter på 35,36 og 1,09,92. Rukke fekk tidene 35,83 og 1,12,21 laurdag og følgde opp med 36,00 og 1,11,81 sundag. Dermed bronse på yngste blad Fagerli Rukke. Hol hadde også med Kristian Solland Reinton og Christoffer Fagerli Rukke. Dei låg på sjuande og åttande plass etter fyrste dag. Sundag starta ikkje Rukke, men Reinton som gjekk 500 meter på 37,39 og 1000 meter på 1,13,43 laurdag, gjekk distansane på 37,03 og 1,13,91. Han held dermed sjuandeplassen.