Fv. Eileen Omenås, Selma Øen Li, Valerie Alleria Bonilla. (Foto Privat)
Fv. Eileen Omenås, Selma Øen Li, Valerie Alleria Bonilla. (Foto Privat)

Sparka frå seg i taekwondo-NM

Selma Øen Li (14) vant NM-landsfinalen taekwondo i Tromsø.

Taekwondo: Ålingsjenta kvalifiserte seg til finalane både i mønsterklassen og sparring i si årsklasse. Ho vant begge.

Feira med kolsyre

Sundag vart NM-tittelen feira med eit kakestykke og eit glas vatn med kolsyre på veg ut av hallen. Deretter bar det rett til flyplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag gjekk finalen i mønsterklassen. I mønster står utøvarane to og to på matta, men det er ingen kontakt. Dei skal vise fram tekniske bevegelsar i ein serie. Eit dommarpanel vurderer teknikken, rytmen, presisjonen, krafta og balansen.

– Eg er veldig fornøgd, men er sliten etter mitt fyrste NM, seier Selma på telefon frå Gardermoen.

Trenaren sveitta

Sundag konkurrerte ho i sparring. Finalen mot Nora Lillelien frå Røyken TK vart eit nervedrama for trenar Gabriel Magnum. Han seier Selma møtte gode motstandarar gjennom heile turneringa. Særleg finalen var ein jamn og god kamp.

Trenar/coach Gabriel Magnum og Selma Øen Li med gullmedalje og diplom for mønster i europacupstemnet i Budapest i oktober. (Arkivfoto)
Trenar/coach Gabriel Magnum og Selma Øen Li med gullmedalje og diplom for mønster i europacupstemnet i Budapest i oktober. (Arkivfoto)
Fv. Eileen Omenås, trenar Gabriel Magnum, Selma Øen Li, Valerie Alleria Bonilla og trenar Erwin Ayala-Bonilla. (Foto Privat)
Fv. Eileen Omenås, trenar Gabriel Magnum, Selma Øen Li, Valerie Alleria Bonilla og trenar Erwin Ayala-Bonilla. (Foto Privat)

– Som trenar sat eg og sveitta. Finalen er den mest spennande kampen ho har gått sidan ho starta å konkurrere. Kampen vart dømd uavgjort, og dei måtte gå eit ekstra minutt for å kåre ein vinnar. Selma greidde å halde nivået og ha god bevegelse. Og så sette ho nokre gode sidespark i det avsluttande minuttet. Ho hadde hundre prosent innsats heile vegen, seier han.

((Qid=981D87CB))

Markerte seg i Budapest

Det er berre ein månad sidan ho målte krefter på internasjonalt nivå. I oktober reiste ho heim frå Budapest med gull frå mønsterklassen i eit stort europacupstemne. Selma vart dømt til vinnar av eit samstemt dommarkorps. I sparring kom ho til kvartfinalen, der ho hadde overtaket dei fyrste rundane, men mista leiinga mot slutten av kampen.

Trenaren er imponert over ungjenta.

– Ho har trent godt i heile haust og vist ein kjempeinnsats. Det har gitt resultat, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fire gull til Ål TK

Trenaren ser for seg at Selma kjem til å markere seg i fleire nasjonale og internasjonale meisterskap etter sigeren i Tromsø. I januar går Open Dutch i Nederland.

– Med det nivået ho har hatt i haust, har ho gode sjansar, seier Magnum.

I tillegg til dei to gullmedaljane til Selma Øen Li, hausta Ål taekwondoklubb to gullmedaljar til. Valerie Alleria Bonilla (15) tok gull i mønster. Geilojenta bur i Lier, men trenar med klubben på Ål. Det gjer også Eileen Omenås frå Valdal ved Ålesund.