Vetle Sjåstad Christiansen gjennomførte ein solid fellesstart i Anterselva.
Vetle Sjåstad Christiansen gjennomførte ein solid fellesstart i Anterselva.

Solid gjennomført fellesstart av Vetle

Trass i tre bom og strafferundar gjekk Vetle Sjåstad Christiansen inn til ein solid 12. plass under dagens fellesstart i Anterselva.

Mange både håpa og trudde at Johannes Thingnes Bø skulle ta sin 12. verdenscupsiger denne sesongen før fellesstarten. Bø låg lenge tet, men ein bom på kvar av dei to ståande skytingane øydela for stryningen. Etter siste ståande gjekk han ut som tredjemann.

Etter godt ein kilometer tok han att tyske Arnd Peiffer. Men Quentin Fillon Maillet frå Frankrike var det lite å gjere med. Franskmannen skaut fire fulle hus og og tok sin fyrste verdenscupsiger på fellesstart.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Skjelven i beina

– Eg var heilt skjelven i beina på begge ståande skytingane. Diverre vart det bom på siste skotet på siste ståande. Synd, men eg er likevel godt fornøgd med dagen, sa Bø etter andreplassen. Bø kom i mål 14 sekund etter vinnaren.

Svak skyting

Mange av dei norske skiskyttarane har slite med dårleg skyting under verdenscupen i Anterselva. Sjåstad Christiansen hadde heller ingen optimal dag på standplass under dagens verdenscup. På fyrste liggande vart det ein bom. Dermed vart han hekta av tetgruppa.

Klar framgang

På fyrste ståande vart det to nye bom. Men med fullt hus på siste ståande gjekk skiskyttaren frå Geilo seg kraftig opp på resultatlista. Ein 12. plass må seiast å vera godkjent. Dessutan var det klar framgang frå laurdagens 29. plass. Sjåstad Christiansen kom i mål halvanna minutt etter vinnaren.

Nest beste norske vart Lars Helge Birkeland. Birkeland enda på 8. plass.

Canada og USA

Skiskyttarsirkuset held fram i canadiske Canmore komande helg. Deretter blir det Salt Lake City, USA, før VM i Østersund som går 7.-17. mars