Joachim Solberg imponerte med ein 4.-plass i Karlstad Open. (Arkivfoto)
Joachim Solberg imponerte med ein 4.-plass i Karlstad Open. (Arkivfoto)

Solberg imponerte

Joachim Solberg vart nummer 4 i Karlstad Open med like mange poeng som vinnaren.

Sjakk: Karlstad Open i sjakk vart spelt fredag 30. desember. Joachim Solberg frå Torpo vart nummer fire med 5,5 av 7 moglege poeng. Det var same poengsum som vinnaren, stormeister Thomas Ernst frå Sverige, berre med lågare kvalitet.

– Eg vann mot nokon svakare spelarar i starten, men slo til med seier mot den svenske internasjonale meister (IM) Rikard Winsnes med svarte brikker i 6. runde. I siste runde spelte eg remis mot stormeister Thomas Ernst, fortel Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette var Solberg sin beste turnering nokon sinne. Han gjekk opp 30 ratingpoeng og fekk ein pengepremie på 2000 svenske kroner.