Stian Kleivdal hadde ein av dei beste poengsummane i kvalifiseringa i Seiseralm.
Stian Kleivdal hadde ein av dei beste poengsummane i kvalifiseringa i Seiseralm.

Snowboard: Solid køyring av Kleivdal

Stian Kleivdal fekk det endeleg til å stemme i verdscupkvalifiseringa i Seiser Alm.

Snowboard: Geilingen køyrd fleire rundar med verdscup på nyåret.

Der har han nærma seg finaleplass gradvis. Sist veke var han i semifinalen i European Open i Sveits. Denne veka køyrer han og dei andre landslagsutøvarane slopestyleverdscup i Seiseralm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag var geilingen i det siste av tre kvalifiseringsheat. Etter fyrste runnet låg han som nummer 15, med 41,50 poeng. Men i det andre sat det for Kleivdal. Med 85,75 poeng gjorde han eit hopp på resultatlistene. Poengsummen var tredje best i heatet. Berre Lyon Farrel (USA) og lagkamerat Markus Olimbstad var betre i same heat. Han køyrer semifinale laurdag. Finalen i Seiseralm går seinare same dag.