Ole Kristoffer Gislerud frå Flå vart ein av dei beste lokale under Smådølsprinten.
Ole Kristoffer Gislerud frå Flå vart ein av dei beste lokale under Smådølsprinten.

Smådølsprinten: Vellukka vinterløp

NMK Nore og Uvdal arrangerte den fyrste Smådølsprinten, som oppvarming til Numedalsrally.

Motorsport: Om knappe to månader er det klart for vinterens høgdepunkt for NMK Nore og Uvdal.

Men alt i helga vart det konkurrert på delar av den siste fartsetappen i Numedalsrally. Då arrangerte klubben Smådølsprinten. Opphavleg hadde dei sett tak på 60 bilar på start. Totalt stilte 51 bilar til start i laurdagens løp. Starten gjekk på Smådølbanen, og målgang var ved Lunda Gård i Uvdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bestetid av alle hadde Anders Grøndal (NMK A & B Motorsport) og kartlesar Marius Fuglerud (NMK Drammen) i klasse 2. Best av dei lokale på totallista var Ole Kristoffer Gislerud, som køyrer for Asker og Bærum, men opphavleg er frå Flå. I lag med kartlesar Rita Kristensen sikra han fjerdeplassen samanlagt. Duoen Jan Egil Halland og Anders Nygård frå arrangørklubben tok femteplassen, medan brørne Torkjell og Steingrim Westheim vart nummer sju. Duoen er frå Torpo, men køyrer for Asker og Bærum.

Lokale toppresultat:

Klasse 5:

1.Magnus Bergsjøbrenden/Oda Jacobsen (NMK Gardermoen/NMK Nore og Uvdal),

2. Heine Rudi/Sunniva Rudi (NMK Nore og Uvdal)

Klasse 10:

1. Mats Peder Hvambsahl/ Lars Marius Hvambsahl (KNA Kongsberg),

2.Jan Egil Halland/Anders Nygård (NMK Nore og Uvdal)

Klasse 11:

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Steffen Bjerknes/ Ole Kristian Maribo (NMK Nedre Hallingdal),

2.Sondre Jacobsen/Nina Pedersen (NMK Nore og Uvdal),

3. Lars Rune Thorsrud/ Sandra Omdalen (NMK Nore og Uvdal)

Klasse 13:1. Ole Kristoffer Gislerud/Rita Kristensen (Asker og Bærum Motorsport),

2. Torkjell Westheim/ Steingrim Westheim (Asker og Bærum Motorsport),

3. Ronny Andersen/ Ole Jacobsen (NMK Nore og Uvdal)

Klasse 17:

1. Johan Brekke/Stein Løvstuen (NMK Nore og Uvdal),

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Tor Magne Solberg/Torunn Røisgaard (NMK Nore og Uvdal),

3. Peder Vikan/Lasse Tveiten (NMK Nore og Uvdal)

Klasse 18:

1.Einar Frogner Ruud/ Emil Flateland (NMK Nore og Uvdal/NMK Modum og Sigdal)