Åsne Skrede på veg mot bronsemedalje under fellesstarten i Orkdal fredag.
Åsne Skrede på veg mot bronsemedalje under fellesstarten i Orkdal fredag.

Skrede tok bronse

Åsne Skrede frå Geilo tok bronse i junior-NM i skiskyting.

Meisterskapet starta i Orkdal i Trøndelag med fellesstartar fredag morgon.

Og det opna godt for Skrede som har kjempa i toppen i sin klasse heile sesongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bronse

I K19 tok Skrede bronsen, 1 minutt og åtte sekund bak vinnaren Anne Bunemann De Besche frå Idrettslaget Try.

Skrede skaut på seg tre strafferundar på dei totalt fire skytingane, men sikra bronsen med 13 sekunds margin. I same klasse vart Mari Lindbo Kvanneberg frå Ål Skiskyttarlag nummer 17. For Filip Fjeld Andersen frå Geilo vart det den sure fjerdeplassen i fellesstarten i klasse 20–21. Fire strafferundar vart for mykje til å kjempe om sigeren. Andersen var 1,03 bak vinnaren Tryge Bondhus Often frå Tynset. Fram til pallen var det 14 sekund. I same klasse vart klubbkameratane Øystein Markegård nummer 19 (to strafferundar) og Mathias Skrede nummer 23 med fire strafferundar.

For mange rundar

Også Mari Torsteinsrud kjempa heilt i toppen.

I K18 vart løparen frå Ål Skiskyttarlag nummer seks, men seks strafferundar var for mykje til å nærme seg pallen. Fram til bronsemedaljen var det 47 sekund. I same klasse vart Vilde Kverndal Veslegard nummer 14. I K17 vart Sigrid Haug Grønnerød (Ål) nummer 14 med sju strafferundar. I eldste klasse, 20-21, vart Stina Brattegard frå Ål nummer elleve.

Meisterskapet held fram med sprint laurdag og stafettar sundag.