annonse

Skiskyting: Pallplassar på Liatoppen

Pallen
Pallen: Åsne Skrede (t.h.) vart nummer tre bak Marte Carlson Møller og Anne Bunemann De Besche laurdag. (Foto: Magnus Lindahl)

Åsne Skrede leia sin klasse i Norgescupen då alt skulle avgjerast på Liatoppen.

Magnus Lindahl

I den avgjerande fellesstarten vart Geilo-løparen nummer tre bak Marte Carlson Møller frå Trysilgutten og Anne Bunemann De Besche frå Try i K19.

Dermed vart det andreplass i Norgescupen etter det som har vore nok ein god sesong. Klubbkamerat Filip Fjeld Andersen har hatt ein sesong med opp- og nedturar. Men etter eit langt skadeavbrekk kom han skikkeleg i siget mot slutten av sesongen. Laurdag gjekk han igjen godt og vart nummer to i klasse 20–21. Dei andre lokale løparane plasserte seg slik i Norgescupfinalen:

K17: Sigrid Haug Grønnerød (Ål skiskyttarlag) nummer 15.

K18: Mari Torsteinsrud (Ål) nummer 10 og Vilde Kverndal Veslegard (Ål) nummer 17.

K19: Mari Lindmo Kvanneberg (Ål) nummer 11.

K 20-21: Stina Brattegard (Ål) nummer 13.

annonse