Aleksander Fjeld Andersen sikra seg eit godt utgangspunkt før jaktstarten i Lenzerheide laurdag.
Aleksander Fjeld Andersen sikra seg eit godt utgangspunkt før jaktstarten i Lenzerheide laurdag.

Skiskyting: Godkjent i Lenzerheide

Aleksander Fjeld Andersen gjekk ein god sprint, og sikra seg eit godt utgangspunkt før jaktstarten i IBU-cupen.

Skiskyting: Aleksander Fjeld Andersen fekk si tredje helg med IBU-cup på rad denne helga.

Geilingen har vist lovande takter i renna dei siste helgene. På sprinten i Lenzerheide torsdag hadde han ein god inngang til fyrste skyting. Med fullt hus gjekk Andersen ut blant dei beste. Etter andre skyting passerte han ut minuttet etter leiande Fabien Claude. Franskmannen skaut fullt hus, medan geilingen pådrog seg to rundar på ståande. I mål var han eitt minutt og 23 sekund etter Claude. Til slutt vart geilingen nummer 15. Det er ein opptur etter at det ikkje stemte like godt i Arber sist helg. Den beste plasseringa hans i IBU-cupen i vinter er ein niandeplass frå Duszniki Zdroj. Johannes Dale vart best av dei norske, med tredjeplass. Laurdag står jaktstart på programmet for løparane i Lenzerheide, og sundag er det mixstafettar.