Vetle Sjåstad Christiansen (nr. 18) under fellesstarten i Ruhpolding sist helg, men var usikker på forma i høgda i Anterselva.
Vetle Sjåstad Christiansen (nr. 18) under fellesstarten i Ruhpolding sist helg, men var usikker på forma i høgda i Anterselva.

Skiskyting: Christiansen fekk det tøft i høgda

På førehand var Vetle Sjåstad Christiansen spent på dei fyrste renna i Italia.

Anterselva ligg høgre enn der dei har gått renn til no verdscupen, og normalt treng geilingen litt tid på å prestere på toppnivå i høgda.

I dag hadde han startnummer 30, då sprinten gjekk i Italia. Inn til fyrste skyting var han 18 sekund etter Johannes Thingnes Bø i tet. Der vart det ein strafferunde etter bom på det tredje skotet, og han passerte ut 38 sekund etter Bø.

Artikkelen held fram under annonsen.

På ståandeserien sprakk geilingen, på dei fem skota vart det tre bom. Christiansen gjekk ut eitt minutt og 42 sekund etter teten.

På sisterunden tapte Christiansen klart til Johannes Thingnes Bø, og i mål var Christiansen to minutt og tre sekund etter teten.

Laurdag står jaktstart på programmet. Sundag går det siste verdscuprennet i Europa før VM i Östersund i mars. Før den tid skal skiskyttarane gå verdscup i USA og Canada.