Aleksander Fjeld Andersen har funne forma etter NM på Liatoppen i april. Her blir han intervjua av Ole Kristian Stoltenberg og Liv Grete Skjelbreid i NRK under meisterskapen.
Aleksander Fjeld Andersen har funne forma etter NM på Liatoppen i april. Her blir han intervjua av Ole Kristian Stoltenberg og Liv Grete Skjelbreid i NRK under meisterskapen.

Skiskyting: Beste norske i Italia

Aleksander Fjeld Andersen vart beste norske under avslutningsrenna i IBU-cupen.

Skiskyting: – No er alt mogleg, sa Aleksander Fjeld Andersen då han tok sin fyrste pallplass i IBU-cupen på sprinten torsdag.

Han følgde opp med to gode renn i IBU-cupen i helga. IBU-cup er det internasjonale nivået under verdscup, og fleire av konkurrentane har også prøvd seg på øvste nivå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag vart fyrsteårssenioren beste norske på sprinten. Med ein runde på kvar av skytingane var han eitt minutt og 17 sekund etter den tyske vinnaren Lukas Fratzcher. Sundag gjekk avslutningsrennet i IBU-cupen som fellesstart. Der opna Andersen med ein runde på fyrste liggjande. Men derfrå og inn leverte han tre fulle hus. I mål var han berre 40 sekund etter franske Aristide Begue, som skaut fullt hus. Det held til fjerdeplass for geilingen, som hadde 19 sekund opp til pallplass. Det var hans nest beste plassering i IBU-cupen i vinter, og med det vart han også beste norske. Team Mesterbakeren-løparen vart nummer 14 i IBU-cupen totalt.