Filip Fjeld Andersen fekk ein strafferunde for mykje til å vere i medaljekampen i junior-VM.
Filip Fjeld Andersen fekk ein strafferunde for mykje til å vere i medaljekampen i junior-VM.

Skaut seg ut av medaljekampen

Filip Fjeld Andersen opna sprinten i Otepäa med to strafferundar på liggande skyting.

Skiskyting: Geilingen har henta to medaljar på to forsøk hittil i meisterskapen.

Men på sprinten fredag opna han dårleg. Ut frå standplass var han over minuttet bak leiaren og berre nummer 36 totalt. På ståande klarte han seg med ein strafferunde, og klatra på listene. Sisterunden var, som ofte før, sterk og Andersen henta litt på konkurrentane. Men det var likevel ikkje nok til å sikre sin tredje strake medalje. Femteplass, 58 sekund etter den russiske vinnaren er likevel solid, når russaren Pervushin skaut feilfritt. Med femteplassen vart Filip beste norske med god margin. Nest best var bærumsløparen Fredrik Grusd på 11.-plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

På jentesida gjekk Uqalek Astrid Slettemark (Geilo) ein sterk sprint for Grønland.

Ho klarte seg med ein strafferunde på den ståande serien, og vart nummer ti. I mål var ho 48,7 sekund etter svenske Elvira Öberg, som vann klart. Det er geiloløparens beste plassering i internasjonale renn denne sesongen, ho har representert Grønland i fleire verdscuprundar for juniorløparar.

Sundag blir juniormeisterskapen i Estland avslutta med jaktstartar. Begge geilingane har gode utgangspunkt før den avsluttande konkurransen, og med full klaff er medalje innan rekkevidde.

Uqalek Astrid Slettemark vart nummer ti på sprinten i Otepää. (Arkiv
Uqalek Astrid Slettemark vart nummer ti på sprinten i Otepää. (Arkiv