Vetle Sjåstad Christiansen har vist god skyteform i IBU-cup og EM (biletet), men har framleis litt å hente på langrennsformen til dei beste.
Vetle Sjåstad Christiansen har vist god skyteform i IBU-cup og EM (biletet), men har framleis litt å hente på langrennsformen til dei beste.

Skaut feilfritt i Osrblie

Vetle Sjåstad Christiansen (24) leverte eit nytt feilfritt renn på standplass, i IBU-cupen i Slovakia.

Skiskyting: Christiansen har ein god treffprosent i konkurranse dei siste vekene.

Geilingen har knapt skote eit bomskot i dei siste renna, og sprinten i Osrblie fredag var ikkje noko unntak. På eit tidleg startnummer leverte han igjen to fulle hus på standplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mangla litt

Han gjekk ut ti sekund bak teten på fyrste passering, men i motsetning til fleire av dei siste renna, tapte han ikkje like mykje til teten utover i løpet.

Med to feilfrie seriar, gjekk han i mål til leiing. Men like bak kom VM-aktuelle Tarjei Bøe, som trass i to strafferundar sneik seg inn to sekund føre Christiansen. Seinare kom Fredrik Gjesbakk med feilfri skyting, og parkerte dei to norske med over tjue sekund. Seinare kom Kristoffer Langøien Skjelvik og sneik seg inn mellom Bøe og Christiansen. Han sørga for at det på eit tidspunkt var fire norske løparar på dei fyrste plassane.

Topp ti

Til slutt vart Vetle Sjåstad Christiansen nummer åtte, 28 sekund bak den russiske vinnaren Aleksej Volkov.

Han var 4, 2 sekund føre Fredrik Gjesbakk og 6,2 føre Dmitrij Malysjko (Russland). Laurdag står jaktstart på programmet, som siste renn før VM startar i Hochfilzen måndag.