Pål Golberg avslutta skiseosngen med å bli numemr seks på NM-femmila.
Pål Golberg avslutta skiseosngen med å bli numemr seks på NM-femmila.

Sjetteplass i manndomsprøva

Pål Golberg avslutta sesongen med sjetteplass i NM-femmila på Lygna.

Det var ein sterk prestasjon av Golberg som iallfall fram til i dag ikkje har vorte rekna som ein femmilsløpar.

Men golingen gjekk fort og låg lenge an til sølvmedalje bak suverene Martin Johnsrud Sundby. Men det er ikkje utan grunn femmila har vorte kalla skisportens manndomsprøve, og mange skiløparar har kjent på smerta dei siste kilometerane. Det fekk også Golberg, som måtte sjå at det vart Didrik Tønseth og Johan Hoel som tok sølv og bronse. Golberg vart nummer seks, 3,44 minutt etter Sundby. Golberg har hatt både ei sesongoppkøyring og ein sesong med opp- og nedturar. VM i Seefeld rauk, men sprinttrenar på landslaget, Arild Monsen, har tidlegare i mars overfor NTB nærmast lova Golberg nye sjansar på sprintlandslaget når det nye laget blir teke ut denne våren. Kjetil Andre Bjerkrheim frå Nesbyen vart nest beste halling med 57.-plass, 14,45 minutt etter Sundby. Emilie Fleten frå Gol avslutta sesongen med å bli nummer 17 på 30 kilometeren, i underkant av ti minutt bak Therese Johaug.