Tiril Sjåstad Christiansen har vore programleiar for Farmen kjendis.

Sjåstad Christiansen gravid: «Trur me skal få nok å gjere dette året»

Tiril Sjåstad Christiansen fortalde laurdag at ho og kjærasten Stian Lauritzen ventar barn.

Nyheita slapp ho på sin eigen Instagram-profil.

Sjåstad Christiansen la laurdag ut eit bilete av seg sjølv og Lauritzen, med teksten «Holy guacamole. Trur me skal få nok å gjere dette året likevel, eg».

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har strøymt på med lykkehelsingar under biletet.

Geilo-jenta og Lauritzen hadde planar om å gifte seg i sommar, i Italia. Men då koronautbrotet kom, vart det fort klart at det ikkje ville la seg gjennomføre å ha eit bryllaup i utlandet.

Les også
«Farmen»-vinnaren i ny rolle
Les også
Open og ærleg påskereise