Bård Basberg stakk av med sigeren og 15.000 kroner under Hillbilly Huckfest sin filmkonkurranse Hillbilly Huckshoot.
Bård Basberg stakk av med sigeren og 15.000 kroner under Hillbilly Huckfest sin filmkonkurranse Hillbilly Huckshoot.

Sjå vinnarfilmen frå Hillbilly Huckshoot

Trass kraftig regn var Tveitojordet i Votndalen stappfullt av camparar klare for årets Hillbilly Huckfest.

Låven, som er sentrum av sykkelfestivalen Hillbilly Huckfest i Ål, bognar over av sykkelglade deltakarar. Over alt kor ein snur seg er det ruteskjorter og store smil. For mange er dette årets høgdepunkt, og forventningane til helga ligg i lufta. I løpet av dei få timane festivalen har vore open har Tveitojordet i Votndalen fylt seg med bubilar og telt. Og av alle dei 350 festivalpassa, er det berre eit par stk. igjen.

– Er de klare? ropar ei av eldsjelene bak festivalen, Vegard Breie, frå scenen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit brøl høyrest frå publikum.

Hillbilly Huckshoot

Fyrst ut er filmkonkurransen Hillbilly Huckshoot. Tidlegare denne veka har profesjonelle filmfolk filma syklistar på tur i Ål. I kveld skal vinnarfilmen kårast. Me får vere med på krass sykling, mykje humor og god stemning, publikum både gispar og ler. Ein fin måte å få eit inntrykk av løypene ein sjølv skal sykle seinare i helga. Av dei seks filmane som var med i konkurransen var det Bård Basberg frå Sogndal som stakk av med fyrstepremien på 15.000 kroner.

Hillbilly Huckshoot 2017, Bård Basberg fromHillbilly Huckfest onVimeo.

Trass dårleg vêr var Tveitojordet i Votndalen stappfull av bilar og camparar allereie tidleg torsdag kveld.
Trass dårleg vêr var Tveitojordet i Votndalen stappfull av bilar og camparar allereie tidleg torsdag kveld.
Torsdag var det duka for Hillbilly Huckshoot – ein filmkonkurranse der forskjellige lag har vore ute og filma sykling på Ål dagane før festivalen.
Torsdag var det duka for Hillbilly Huckshoot – ein filmkonkurranse der forskjellige lag har vore ute og filma sykling på Ål dagane før festivalen.

Fullt program heile helga

Trass regn køyrer Hillbilly Huckfest på med guida sykkelturar på dagtid denne helga. På ettermiddagar vil fleire konkurransar, som Spank Whip Off (der det er om å gjere å skru sykkelen best), Hillbilly Klunker Race (eit sykkelløp med gamle syklar), Fest Series (hoppshow på Tveitojordet med nokon av verdas beste syklistar) gå av stabelen, medan kveldane vil vere fulle av konsertar med bla Turboneger, Mahogni og Stisema. Sjølv om festivalpasset er så og si utselt er det framleis mogelegheit til å kjøpe konsertpass til kveldsprogrammet.

Fleire filmar

Her følgjer dei andre filmane som deltok i konkurransen:

Hillbilly Huckshoot 2017, Blur Media fromHillbilly Huckfest onVimeo.

Hillbilly Huckshoot 2017, Ben Howells fromHillbilly Huckfest onVimeo.

Hillbilly Huckshoot 2017: Martin Dalen fromHillbilly Huckfest onVimeo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hillbilly Huckshoot: PAUL LOCKHART fromHillbilly Huckfest onVimeo.