Selma Øen Li (nr. to f.h.) og Valeria Ayala (t.h.) har begge medaljar i VM. Her i lag med treningsvenninne Luna Ayal og, trenar Erwin Ayala Trujillo.
Selma Øen Li (nr. to f.h.) og Valeria Ayala (t.h.) har begge medaljar i VM. Her i lag med treningsvenninne Luna Ayal og, trenar Erwin Ayala Trujillo.

Sikra ny VM-medalje

Selma Øen Li følgde opp bronsemedaljen frå onsdagens mønster, og gjekk til semifinale i sparring.

Taekwon-do: Ålingsjenta har jobba hardt og målretta i fleire år. Den store draumen har vore VM-gull som senior.

I sin fyrste seniormeisterskap, i tyske Inzell, har ho levert langt over normalen for ein debutant. Onsdag opna ho med bronsemedalje. Då kom ho til semifinale i øvinga mønster.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tøft

Grunna eit hektisk tidsskjema i meisterskapen blir det ikkje arrangert bronsefinale mellom dei to tapande semifinalistane.

Dei får begge bronsemedalje, medan finalistane kjempar om gull og sølv.

Torsdag føremiddag gjekk Øen Li tre kampar. Der slo ho ut alle konkurrentane, og sikra seg minst ein ny bronsemedalje. Ho slo ut konkurrentar frå Russland og Paraguay og måtte ut i ekstraomgangar mot ei polsk jente ho har tapt for i eit tidlegare møte. Torsdag var Li klart best i ekstraomgangane og vann 3–0. Semifinalen, og ein eventuell finale, går laurdag.

God start

Klubbvenninna, Valeria Ayala, starta også meisterskapen godt.

Onsdag tok ho bronse i klassen 2. dan damer. Ayala har vore plaga med skader ei stund, men har trent godt det siste halvåret. Ål Taekwon-do-klubb har dermed tre medaljar på to dagar av meisterskapen.