Vetle Sjåstad Christiansen bomma ein gong for mykje til å være nær ein ny pallplass.
Vetle Sjåstad Christiansen bomma ein gong for mykje til å være nær ein ny pallplass.

Sikra godt utgangspunkt

Vetle Sjåstad Christiansen held fram med å vise seg fram i verdscupen.

Etter tre gode løp i Hochfilzen sist veke var Vetle Sjåstad Christiansen ambisiøs før helga i Nove Mesto.

Ambisjonen var ein ny pallplass på ein god dag, men mykje skal klaffe for å gjenta bedriften. Geilingen opna med fullt hus på fyrste skyting, og gjekk ut på 11. plass. På andre skyting opna han med tre treff, men på det fjerde kom bommen. Med ein runde gjekk Christiansen ut på sisterunden på attendeplass. Han hadde ikkje sin beste dag i sporet, og tapte litt til teten mot mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

I mål var han nummer 20, eitt minutt og 56 sekund bak Johannes Thingnes Bø i tet. Etter kvart vart han skuvd litt nedover på listene.

Laurdag er det jaktstart for skiskyttarherrene. Sundag går siste løp før juleferien for skiskyttarane, då er det fellesstart.