Skiskyttar Vetle Sjåstad Christiansen frå Geilo. (Arkivfoto)
Skiskyttar Vetle Sjåstad Christiansen frå Geilo. (Arkivfoto)

Siger til Christiansen og Norge

Skiskyttar Vetle Sjåstad Christiansen leverte eit godkjent løp for Norge i Tyskland onsdag.

Skiskyting: Ole Einar Bjørndalen (éin bom) lagde eit godt utgangspunkt for Vetle Sjåstad Christiansen som gjekk andreetappe for Norge i verdscupstafetten i Ruhpolding i Tyskland onsdag ettermiddag. Geilingen kunne gå ut som nummer tre, 5,2 sekund bak leiande Italia, og med Tsjekkia på andreplass.

– No er det berre å nyte at du går i Ruhpolding, oppmoda NRKs kommentatorar då Vetle Sjåstad Christiansen starta si etappe. Han nyter nok også å vinne saman med Norge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Christiansen slo til med fullt hus på fyrste skyting, og gjekk ut som andremann frå standplass 8,8 sekund bak Italia. På andre og siste skyting måtte han ta i bruk to ekstraskot. Men det er likevel godkjent, då han gjekk ut frå standplass som fjerdemann, 29,7 sekund bak leiaren Russland.

– Gjekk alt eg kunne

Vetle Sjåstad Christiansen veksla som nummer fem, 41,6 sekund bak Russland, og var fornøgd etter løpet:

– Det var ganske svart i huet, men eg klarte å fullføre greitt. Mjølkesyra kom kjapt, og det vart ei tung sisterunde, men eg gjekk alt eg kunne, oppsummerte geilingen.

Henrik L’Abée-Lund gjekk tredjeetappe og måtte også ty til to ekstraskot på andre skyting etter full hus på fyrste. Emil Hegle Svendsen var ankermann i Tyskland onsdag. Han skaut to fulle hus og gjekk ut 14,8 sekund bak Russland etter andre skyting. Det såg ut til å bli sølv til Norge, men då russaren stivna fullstendig tok Norge sigeren.

Held fram

Vetle Sjåstad Christiansen vart kasta inn i verdscupsirkuset i siste liten før runden i Oberhof sist veke. Der synte han at skyteformen er inne, men at det ikkje går raskt nok i sporet. Med begge Bø-brørne ute med sjukdom fekk geilingen ny tillit då verdscupen flytta seg til Ruhpolding. Fredag er det sprint.