ATV-crosskøyrar Ruben Setra frå Gol måtte nøye seg med å vera ein av tre nominerte til årets utøvar. (Arkivfoto)
ATV-crosskøyrar Ruben Setra frå Gol måtte nøye seg med å vera ein av tre nominerte til årets utøvar. (Arkivfoto)

Setra fekk ikkje motorsykkelprisen

– Eg er kjempefornøgd med å bli nominert. Det gir inspirasjon til å satse endå hardare neste år og ta prisen då.

Motorsport: Golingen Ruben Setra (19) er ikkje veldig skuffa over at han ikkje fekk prisen som Årets Motorsykkelsportsutøvar.

Sterke konkurrentar

Under motorsportsgallaen i Tønsberg i helga var ATV-crosskøyraren frå NMK Gol ein av tre nominerte i denne kategorien. Prisen som årets utøvar gjekk til trial-køyrar Håkon Pedersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde to veldig sterke konkurrentar. Håkon Pedersen har pallplassar både i EM og VM, så det var ikkje overraskande at han fekk prisen, seier Ruben Setra til Hallingdølen.

– Gir motivasjon

Han vedgår at han var litt skuffa då prisvinnaren vart utropt under gallaen. Eit par dagar etter var skuffelsen lagt bort. No vil han bruke nominasjonen som motivasjon til vidare satsing på ATV-cross.

– Eg er kjempefornøgd med å vera ein av tre nominerte som årets utøvar. Det gir motivasjon til å satse endå hardare neste sesong, seier han.

Ruben Setra var beste nordmann under EM og brukar nominasjonen til årets utøvar som motivasjon for vidare satsing.
Ruben Setra var beste nordmann under EM og brukar nominasjonen til årets utøvar som motivasjon for vidare satsing.

Golingen har all grunn til å vera fornøgd med sesongen. Han vann NMK-meisterskapen, vart nummer to i NM og nummer åtte i Europameisterskapen både individuelt og for lag.

Det vart delt ut prisar i seks kategoriar under motorsportsgallaen.