Ole Kristoffer Gislerud er rallyførar frå Nedre Hallingdal. Her under Numedalsrally.
Ole Kristoffer Gislerud er rallyførar frå Nedre Hallingdal. Her under Numedalsrally.

Sesongbeste for Ole Kristoffer Gislerud og Rita Kristensen

OKG Rally Team hadde ein god NM-runde i Aurskog-Høland. 88 bilar stilte iden femte NM-runden i rally i helga.

Etter stang ut i dei tidlegare løpa i år, stemte det endeleg for Gislerud og Kristensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

OKG Rally Team, med Ole Kristoffer Gislerud og Rita Kristensen, enda på tiandeplass totalt, og vart nummer fem i klasse 13. Heile dagen låg dei i sekundstrid med fleire av bilane i sin klasse, men til slutt trekte dei det lengste strået og sikra seg si beste plassering for sesongen. At det var jamt i klassen seier samanlagtlista litt om, av dei fyrste 11 i totalen, var det seks Mitsubitshi frå kl. 13.