Robert André Ruud køyrer semifinale i verdscupen laurdag. (Arkivfoto)
Robert André Ruud køyrer semifinale i verdscupen laurdag. (Arkivfoto)

Ruud til semifinale

Medan dei inviterte i verdseliten køyrer X-Games i Aspen, køyrer fleire av dei beste verdscup i Seiser Alm i Italia.

Robert Ruud og fleire på freeski-landslaget køyrde kvalifisering torsdag. For Ruud heldt det ikkje til finaleplass i fyrste forsøk, då han vart nummer seks i sitt heat. Dei fire beste gjekk rett til finalen, medan dei neste fire i kvart heat gjekk til semifinale. Den går laurdag, i forkant av finalen. Av dei 12 semifinalistane går dei fire beste til finale. Der er alt Ferdinand Dahl og Henning Hansen Pytte. I tillegg til Ruud skal Eirik Sætre ut i semifinale.