Isen på Glitre er klar; det er berre å ta skøytene fatt, seier ismeister Ola Halvar Jorde (fremst) og medhjelpar Geir Tore Slåtto.
Isen på Glitre er klar; det er berre å ta skøytene fatt, seier ismeister Ola Halvar Jorde (fremst) og medhjelpar Geir Tore Slåtto.

Rekordtidleg skøyteis

På Glitre stadion på Gol ligg skøyteisen klar. Det er rekordtidleg og først ut i landet.

– Ja, å ha skøyteklar is den 6. november har berre hendt ein gong tidlegare, seier ismeister og medlem av skøytegruppa i Gol IL, Ola Halvar Jorde.

– Eigentleg hadde me den klar 30. oktober, men så kom det eit mildvêr og øydela for oss. No, derimot, er me klare!

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed er Glitre først ute med naturis, ikkje berre her i Hallingdal, men i heile landet. Me er faktisk tidlegare ute enn fleire kunstisbaner, seier Jorde og banemedhjelpar Geir Tore Slåtto.

Mange timar

Saman med medhjelparane Terje Medgard og Geir Tore Slåtto og andre i skøytegruppa har han jobba på spreng den siste tida.

– Ja, det har vore masse jobbing. Det har gått frå halv fire om morgonen til halv tre om natta. Me har skifta på, sjølvsagt, så me har delt på byrdene. Men slitet er gløymt når me no har isen skøyteklar, seier Ola Halvar Jorde.

Isen på Glitre er ?klar; det er berre å ta skøytene fatt, seier ismeister Ola Halvard Jorde (fremst) og medhjelpar Geir Tore Slåtto.
Isen på Glitre er ?klar; det er berre å ta skøytene fatt, seier ismeister Ola Halvard Jorde (fremst) og medhjelpar Geir Tore Slåtto.
Ismeister Ola Halvar Jorde og Geir Tore Slåtto kan slå fast at det er prima skøyteis som no ligg på GLitre sdtadion på Gol.
Ismeister Ola Halvar Jorde og Geir Tore Slåtto kan slå fast at det er prima skøyteis som no ligg på GLitre sdtadion på Gol.

– Det er ein utruleg fin gjeng i skøytemiljøet som dreg lasset med å få banen klar og held den i stand. Me er som ein stor familie, seier han.

Rask

Banen på Glitre er viktig i nasjonal samanheng. På 70-talet var den ein av dei raskaste naturisbanane som fanst, den vart til og med samanlikna med Inzell. Håvard Bøkko sin banerekord på 10.000 m frå 2008 på 13.48.57 er framleis verdsrekord på naturis, snø og dårlege forhold til trass.

Etter kvart som kunstisbanene dominerer, held Gol framleis sin plass som ei viktig naturisbane. Ein av grunnane til suksessen er sola, – den held seg nemleg borte frå ca 1. november til to månader etter jul. Banen ligg difor i skugge og unngår slitasje på isen.

Viktig

Tidleg is betyr alt for skøytemiljøet i Hallingdal.

– Når ein ikkje har kunstis, er tidleg naturis viktig for å få istrening for løparane, seier Jorde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og banen er alt teken i bruk, tysdag 5. november var det trening og full fart på isen med løparar både frå Gol og Hol. Det er skøytetrening fleire gongar i veka, og skøyteskule kvar torsdag. Skøytegruppa låner ut skøyter til dei som ikkje har. Dette er eit populært tiltak, det kan vere opptil 60–70 ungar på isen torsdagskveldane.

Også skulane nyttar seg av banen, som er open for alle som har lyst til å prøve seg på isen.

– Det er berre å bruke den. Me har att litt småarbeid på indre bane, men sjølve banen er klar, seier Ola Halvar Jorde.