Pål Golberg nådde ikkje heilt opp i Davos. (Arkivfoto)
Pål Golberg nådde ikkje heilt opp i Davos. (Arkivfoto)

Rauk ut i kvartfinalen

Pål Golberg hadde ikkje lang nok tå til å sikre avansement i Davos.

Langrenn: Langrennseliten tok juleferie etter verdscuprenn i Davos i helga.

Pål Golberg hadde lada opp til fristilssprinten den siste veka, og det såg lovande ut. Sist helg rauk han ut etter fall i prologen, men sundag heldt han seg på føtene. Golingen var berre 15 hundredelar bak prologvinnar Sondre Turvoll Fossli.

Artikkelen held fram under annonsen.

I kvartfinalen møtte han mellom andre Emil Jönsson frå Sverige og russiske Nikita Kriukov. Etter ein perfekt sving hadde han stor fart inn på oppløpet, men russaren var i det umoglege hjørnet. Golberg gjekk det han hadde, men bomma litt teknisk dei siste meterane, og rakk ikkje fram til målstreken før Kriukov. Fredrico Pellegrino (Italia) vann sprinten føre Aleksej Pethukov og Finn Hågen Krogh.

Golberg går ikkje Tour de Ski, og er ikkje tilbake i verdscupsirkuset før på nyåret.