Anders Warlo Totland tok to medaljar i rifle-NM i helga. Biletet er frå Landskyttarstemnet 2018.
Anders Warlo Totland tok to medaljar i rifle-NM i helga. Biletet er frå Landskyttarstemnet 2018.

Prøvde seg på ei annan grein - og det var lurt

Skyttaren Anders Warlo Totland debuterte i helga i rifle-NM med to medaljar.

Skyting: I lag med to kompisar reiste juniorskyttaren frå Nes til Elverum for å prøve seg på 60 skot liggjande, med avstand 300 meter.

– Eg og to gode kompisar frå Numedal fann ut at me ville prøve oss i NM for å gjere noko anna enn vanleg DFS-skyting, fortel Totland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag skaut dei individuelt, og nesningen klarte seg betre enn han hadde forventa.

– Det gjekk veldig bra for min del, det var ei fin overrasking med tredjeplass. Eg er veldig fornøgd med at eg gjennomfører på den måten eg gjer, seier han.

Med 583 poeng på dei 60 skota var han berre to poeng etter vinnaren. Og med 25 innertreff var han to føre fjerdemann, som hadde same poengsum.

– Eg hadde aldri prøvd øvinga i konkurranse før, så eg hadde eigentleg ingen ambisjonar utover det å skyte 60 gode skot. Medaljar var ein bonus, seier ein nøgd skyttar.

For Numedal

Han fekk også prøve seg på lagskyting.

I lag med Sander Aarskog Vikhagen og Phillip Saude slo han til og vart norgesmeister for Numedal sportsskyttere.

– Lagsiger var ekstra artig. Me visste ikkje heilt kva me gjekk til då me reiste bortover, hadde ingen frykt for øvinga og lite nervar. Kanskje er det ein fordel. Då tenker du ikkje på prestasjon og poengsum, men på arbeidsoppgåver. Eg kosa meg då eg låg der og skaut, og var ikkje nervøs i det heile, seier Totland.

Sjølv om øvinga er liggande, og har mykje til felles med den konkurranseforma han har erfaring med frå andre stemne, er heile 60 skot på 300 meter også noko uvand. Til dømes er programmet på Landsskyttarstemnet på 25 skot, fordelt på fleire seriar og med ein finaleomgang på ti skot til slutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Arbeidsoppgåvene er like, det er liggande skyting. Men 60 skot er mange fleire enn eit vanleg skyteprogram, det er slitsamt. Du må vere uthaldande og ha vilje til å kjempe deg gjennom. Blinken er også veldig liten, så du må vere veldig nøyaktig. Det er krevjande, meiner Totland.

Bur seg til neste år

I tillegg til NM-deltaking var også turen til Elverum starten på førebuingane til eit av høgdepunkta neste sesong.

– Me fekk ein liten forsmak på neste års landsskyttar-arena også. Det var litt av tanken bak å reise, då fekk me testa ut den banen me skal skyte på neste år.

I desse dagar er utandørssesongen over, og skyttarane går mot ein trenings- og konkurransevinter innandørs. For Totland betyr det at han nærmar seg seniorkarrieren.

– Det er ei rar kjensle å vere ferdig med junior og klar for seniorklassane. Eg gler meg masse til neste sesong, endeleg skal eg skyte og konkurrere på seniornivå, seier han.