annonse

Profilane droppar NM på Liatoppen

Står over
Står over: Tiril Eckhoff er på plass på Liatoppen, men går likevel ikkje NM. (Foto: Caroline Utti)
Kjem ikkje
Kjem ikkje: Johannes Thingnes Bø har bestemt seg for å droppe NM på Liatoppen i Ål. Biletet er frå Liatoppsprinten for to år sidan då Thingnes Bø kasta glans over arrangementet. (Foto: Arkiv.)

Skiskyttar-toppane Johannes Thingnes Bø og Tiril Eckhoff droppar helgas NM på Liatoppen.

Bjarne Tormodsgard

Johannes Thingnes Bø seier han vil prioritere verdenscupen. Samtidig melder NRK at også Tiril Eckhoff står over NM i helga.

Bø kjempar om verdensscup-siger totalt og med sitt tynne treningsgrunnlag denne sesongen er han nøydd til å få nokre gode periodar med trening. Dette er einaste perioden det er mogleg, heiter det i ei pressemelding frå Norges Skiskyttarforbund. 

Ifylgje pressemeldinga har Thingnes Bø måtta ta ei roleg periode etter fire veker med hardkøyr i desember.

– Eg skulle aller helst ha vore på NM og støtta opp om NM-arrangøren i Ål, men verdenscup totalt er såpass viktig at prioriteringa måtte bli slik denne gongen. Eg stiller sterkt på NM del 2. Der skal eg gå alle renna, seier Thingnes Bø.

Litt etter at dette var kjent, kom meldinga om at også Tiril Eckhoff droppar NM på Liatoppen. Ho er på plass på arenaen, men seier til NRK at ho ikkje har fått trent godt nok i jula. Derfor vil ho heller prioritere trening framfor konkurranse.

Eckhoff håpar å vera klar til verdenscupen i Oberhof neste helg.

annonse