Kari Beate Turhus, Janne Lokreim og Hege Jensvoll.
Kari Beate Turhus, Janne Lokreim og Hege Jensvoll.

Prisdryss til bilcrossdamer

Jentene i NMK Gol fekk tre prisar under Bilcrossdamenes julebord. Dei fekk pris for Årets rundvelt, Årets arrangør og Årets alternativ.

Motorsport: Bilcrossdamenes julebord er eit årvisst og mannfolkfritt treff for damer over heile landet som køyrer bilcross.

– Moro og inspirerande

Dametreffet vart avvikla i Sande sist helg. Av rundt 200 damer som køyrer bilcross på landsbasis, møtte bortimot 50 opp på julebordet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisutdeling er eitt av høgdepunkta under dametreffet. Gol-damene forsynte seg grovt frå premiebordet.

– Dette er «humorprisar» og ikkje seriøse og høgtidelege kåringar. At me fekk tre prisar var moro og inspirerande. Neste år er det me som skal arrangere Bilcrossdamenes julebord, seier leiar i NMK Gol, Helene Høva Rustberggard.

Årets arrangør

Sjølv var ho ikkje med på Bilcrossdamenes julebord, men har fått informasjon om prisdrysset av dei som var der og vart heidra.

Kari Beate Turhus fekk prisen for "årets rundvelt" for dobbeltsaltoen under landsfinalen for damer på Fuglehaugen.
Kari Beate Turhus fekk prisen for "årets rundvelt" for dobbeltsaltoen under landsfinalen for damer på Fuglehaugen.
NMK Gol fekk prisen som Årets arrangør under Bilcrossdamenes julebord. Biletet er frå A-finalen under landsfinalen for damer på Fuglehaugen i august.
NMK Gol fekk prisen som Årets arrangør under Bilcrossdamenes julebord. Biletet er frå A-finalen under landsfinalen for damer på Fuglehaugen i august.
Hege Jensvoll mista NM-tittelen etter ein taktisk bommert i A-finalen under damelandsfinalen på Fuglehaugen. Alternativ-prisen er ei god erstatning. (Arkivfoto)
Hege Jensvoll mista NM-tittelen etter ein taktisk bommert i A-finalen under damelandsfinalen på Fuglehaugen. Alternativ-prisen er ei god erstatning. (Arkivfoto)

«Årets arrangør» er gjævaste prisen. Den gjekk til NMK Gol for gjennomføringa av landsfinalen for damer på Fuglehaugen i august.

– Me fekk ein tøff start då det kom telefon kvelden før landsfinalen om at det brann i klubbhuset. Heldigvis fekk me sløkt raskt. Takka vera stor innsats frå 150 frivillige gjekk arrangementet knirkefritt. Med den dramatiske starten er det ekstra moro å få arrangørprisen, seier Rustberggard.

Rundvelt- og alternativpris

Bilcrossdamene frå Gol fekk også to individuelle prisar på bakgrunn av dramatikken under landsfinalen på heimebane.

Kari Beate Turhus fekk prisen for «Årets rundvelt». Ho gjorde dobbeltsalto, men bilen landa på hjula og ho kom seg i mål.

Prisen for «Årets alternativ» gjekk til Hege Jensvoll. Ho gjorde comeback etter mange års pause, køyrde glimrande i kvalifiseringsheata og kom til A-finalen. Der gjorde ho ein taktisk bommert som kan ha kosta NM-tittelen, men som kvalifiserte til pris. Hege tok leiinga frå start, men valde å ta den obligatoriske alternativrunden medan ho låg i tet med resten av finaleheatet på hjul. Ho greidde aldri å hente inn att det tapte og vart nummer fire.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg gjorde eit dårleg taktisk val og enda på den sure fjerdeplassen, sa ei skuffa Jensvoll til Hallingdølen etter finalen.

Alternativ-prisen er ei fin erstatning for ein eventuell NM-tittel som rauk.