Pawel Kaczorowski har vore eit godt tilskot på midtbanen det siste året. Markus Thorberg (t.v.) er ein av dei som har scora flest mål i år.
Pawel Kaczorowski har vore eit godt tilskot på midtbanen det siste året. Markus Thorberg (t.v.) er ein av dei som har scora flest mål i år.

Populær tv-kamp

Oppgjeret mellom HFK og Konnerud vart ikkje berre ein fotballfest på Hallingmo.

TV-overføringa på Hallingdølen sine nettsider vart også ein suksess.

Kampen sundag var den andre tv-overførte HFK-kampen i haust. Drygt 500 følgde oppgjeret mot Strømsgodset då Hallingdølen sende kampen for ein knapp månad sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måndag hadde dobbelt så mange benka seg framfor skjermen for å få med seg opprykkskampen.

– Tala syner at me har 1000 unike brukarar. Me anslår at ein plass mellom 1500 og 2000 har sett sendinga, då mange har sett kampen i lag. Kanskje er det endå fleire, seier redaktør Bjarne Tormodsgard.

Han er fornøgd med sjåartala.

– Det er veldig høge tal. Me veit òg at mange går inn og ser kampen på nett i ettertid.

TV-kampane er eit ledd i Hallingdølen sitt toårige webtv-prosjekt. Tidlegare i år hadde avisa fire direktesendingar frå Landskappleiken.

– Me skal ta med oss erfaringane frå desse kampane vidare, kanskje blir det fleire slike sendingar. Det bidreg i alle fall til å auke fotballinteressa i Hallingdal, og det er positivt, meiner redaktøren.

– Blir det fleire tv-sendte sportsarrangement framover?

– No skal me evaluere og vurdere. Men det er ikkje umogleg at det blir sendt webtv frå fleire sportsarrangement utover vinteren.