I løpet av pappapermen har Karl Dagfinn Brattegard unnagjort hundrevis av kilometer på ski saman med sonen Vetle.
I løpet av pappapermen har Karl Dagfinn Brattegard unnagjort hundrevis av kilometer på ski saman med sonen Vetle.

På tur med pampers og pulk

Då Karl Dagfinn Brattegard gjekk ut i pappaperm, tok han med seg 14 månader gamle Vetle i pulken. Saman utforska dei skiløypene i Hallingdal.

På toppen av ein åsrygg ligg Vetle med solbriller, Ulvang-lue og nyskifta bleier. Like ved tronar Gråfjell. Norefjell er heller ikkje så langt unna. Guten strålar omtrent like sterkt som aprilsola.

Karl Dagfinn kilar Vetle på tullete pappa-vis. Sonen svarar med gapskratt og små gledesrop. Brattegard zippar att Vetles to bodydrakter av ull og løftar han opp. Han tek nokre steg med sonen i armane. Saman nyt dei utsikta. No ventar 17 kilometer med fint preparerte skiløyper før dagen er omme

Artikkelen held fram under annonsen.

Me har skrudd klokka sju månader tilbake. Det er ein fin og varm dag aprildag i 2018. Fleire av åsryggane er fri for snø, og me har funne ein snøfri flekk for å innta dagens lunsj.

Far-og-son-duoen har halde på nokre veker, og har alt lagt bak seg 300 kilometer når Hallingdølen blir med på tur. Då Brattegard tok pappaperm, ville han bruke tida med sonen ute. Han spente på seg langrennsskia og tok med eittåringen i pulken. Med draghjelp frå dei to ivrige trekkhundane Råkk og Ronja starta dei med enkle dagsturar heimplassen i Vats og frå Bergsjøstølen.

– Det gjekk over all forventning. Vetle er mykje rolegare ute enn når han er heime, fortel Karl Dagfinn.

Godt nede i pulken har Vetle det som plomma i egget.
Godt nede i pulken har Vetle det som plomma i egget.
Smelting av snø.
Smelting av snø.
Karl Dagfinn Brattegard orienterer seg undervegs.
Karl Dagfinn Brattegard orienterer seg undervegs.
Fuglehunden Ronja og huskyen Råkk kosar seg på tur.
Fuglehunden Ronja og huskyen Råkk kosar seg på tur.
Å bu på ei hytte er luksus for far og son. På dei fleste turane har dei budd i telt.
Å bu på ei hytte er luksus for far og son. På dei fleste turane har dei budd i telt.
På hytta møtte dei freeski-køyraren Anders Backe.
På hytta møtte dei freeski-køyraren Anders Backe.
Karl Dagfinn Brattegard har starta på dei seige oppoverbakkane.
Karl Dagfinn Brattegard har starta på dei seige oppoverbakkane.
Godt nede i pulken har Vetle det som plomma i egget.
Godt nede i pulken har Vetle det som plomma i egget.
Far og son har nådd dagens mål.
Far og son har nådd dagens mål.
Vetle og huskyen Råkk kosar seg i lyngen.
Vetle og huskyen Råkk kosar seg i lyngen.
På hytta møtte Karl Dagfinn og Vetle freeskikøyraren Anders Backe.
På hytta møtte Karl Dagfinn og Vetle freeskikøyraren Anders Backe.
Karl Dagfinn Brattegard brukte pappapermisjonen på ski.
Karl Dagfinn Brattegard brukte pappapermisjonen på ski.
I løpet av pappapermen har Karl Dagfinn Brattegard unnagjort hundrevis av kilometer på ski saman med sonen Vetle.
I løpet av pappapermen har Karl Dagfinn Brattegard unnagjort hundrevis av kilometer på ski saman med sonen Vetle.
Ikkje for lite, ikkje for mykje. Huskyen Råkk følger med.
Ikkje for lite, ikkje for mykje. Huskyen Råkk følger med.
Ingenting å si på stemninga når far og son er på tur.
Ingenting å si på stemninga når far og son er på tur.

{{imageLeft}}

Difor vart det prøveturar med overnatting i telt. Spesielt svigermor var skeptisk. Første overnatting skjedde ein kilometer frå hytta hennar.

– Teltturen gjekk veldig bra. Då bestemte eg meg for å gjennomføre et lengre turprosjekt.

Brattegard ville bruke pappapermen til å gå de to Hallingdalsløypene, Nord og Sør. Til saman utgjer desse strekningane vel 325 kilometer.

Tilbake på åsryggen er det tid for å bryte opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er du klar for å køyre brom-brom?

– Brom brom! Vetle smiler breitt.

Pulken er godt isolert. Junior har det som plomma i egget, der han ligg godt innpakka inn i ull- og vinterklede. Dermed legg heile toget i veg: to trekkhundar, ein nybakt pappa på ski, ein pulk for Vetle og ein siste pulk med mat, bleier og anna nødvendig utstyr.

{{imageLeft}}

Skiløypa buktar seg gjennom landskapet. Svingar litt til venstre, så litt til høgre. Slake oppover- og nedoverbakkar. Frå pulken kan me høyre Vetle. Han bablar og syng på ekte babyspråk.

«Brom, brom», kjem det også innimellom.

Han nyt luksusen medan det kvite fjellandskapet fyk forbi.

Huskyen Råkk og fuglehunden Ronja er også i sitt ess. Hallingdølens utsende har fått «låne» Råkk. Han tek i litt ekstra for å halde tritt med dei tre andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

ETTER VEL 10–11 kilometer møter me på løypa opp til Høgevarde. Brattegard bestemmer seg for å ta stigninga opp dit.

På Høgevarde er me sikra ly og overnatting. Den nyopna DNT-hytta verkar spennande. Men først ein rast for å «lade opp batteria».

– Har det skjedd noko dramatisk?

– Ja, me har hatt ein velt. Det var ein stad der det brått var slutt på løypa, og eg måtte svinge til sides. Men Vetle såg ikkje ut til å merke noko. Han låg og sov. Pulken er temmeleg robust.

Etter rundt tre kvarter er me klare til å starte på dei vel tre kilometrane opp til 1400 moh.

Til venstre har me fint utsyn over til Ranten, fjelltoppen som nasjonalromantikaren Theodor Kittelsen visstnok brukte som motiv då han måla Soria Moria Slott.

Etter vel ein time og 350 høgdemeter er me framme. Klokka er litt over fire på ettermiddagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No skal det bli godt å koma seg inn varmen, seier pappa Brattegard.

{{imageLeft}}

Han kastar Vetle forsiktig opp i lufta på ekte pappa-vis. Minstemann gapskrattar av full hals.

Døra inn til hytta står ulåst, og i yttergangen står det blant anna eit par twintipski.

– Kven får me som hytteselskap, skal tru? Faren kviskrar til Vetle.

Inne i stova står Anders Backe, alpinist og ski-triksar, kjent frå Supervention-filmane. Han er også på tur med ein fotograf. Dei har alt fått fyr i omnen. Ikkje overraskande blir eit av kveldens tema det å ha med barn ut på tur.

Ettermiddag glir over til kveld. Eit gyllent, oransje kveldslys lyser opp fjelltoppane. Backe og fotografen stikk ut for å gjera opptak. Mens dei to boltrar seg ute, diskar Brattegard opp med pølser i lompe. Vetle forsyner seg med stor appetitt. Å vera ute ein heil dag set rakett i matlysta på store og for små!

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir ein tidleg kveld. Dagen etter ventar den siste etappe ned til Norefjell. For Karl Dagfinn, Vetle og dei to ivrige trekkhundane blir dette avslutninga på deira ambisiøse eventyr gjennom hundrevis av kilometer med skiløyper på kryss og tvers gjennom Hallingdals lange og fine løypenett.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

{{facts}}

Fem tips

Her deler Karl Dagfinn Brattegard fem tips til småbarnsforeldre som vil ut på tur med dei minste i pulken.

* Start i det små, i terreng du kjenner godt. I starten held det med turar på nokre timar. Bli kjent med din eigen form, og kor mykje vekt du er i stand til å dra med deg.

* Korrekte klede for dei minste er viktig: Ikkje for lite, ikkje for mykje! Alle barn har ulik toleranse når det gjeld temperatur, så her må ein berre prøve seg fram. Derfor er det viktig å starte i det små. Ta pausar ofte for å sjekke om den vesle er for varm eller kald.

* Følg nøye med på vêrmeldinga. Viss det blæs sterkt på høgfjellet, så hald deg i låglandet.

* Ta med utstyr for å kunne reparere skiutstyret! Tape og multiverktøy er alltid godt å ha med seg.

* Ha med nok av bleier og avfallsposar. Utstyr for bleieskift må vera lett å finne!