Kamilla Espeli Olsen tok bronse i Livigno.
Kamilla Espeli Olsen tok bronse i Livigno.

På pallen i Livigno

Geilo IL hadde heile ni utøvarar med i den internasjonale konkurransen World Rookie Tour i Livigno.

Snøbrett: Unge brettalent frå mange land var samla i Italia denne veka.

Av desse var Geilo godt representert, med fleire jenter og gutar. På gutesida kvalifiserte Sander Mørk Danielsen seg til finalen i den yngste guteklassen tysdag. Onsdag tok han steget opp på pallen og tok bronsemedaljen i tøff konkurranse. Kamilla Espeli Olsen og Ine Marie Misund gjekk til finalen i kvar sin jenteklasse. Der sikra Espeli Olsen bronsemedaljen i den yngste klassen.Både ho og Danielsen fekk invitasjon til sjølve finalen i Kaprun i mars. Delegasjonen frå Norge vart i tillegg kåra til årets team.