Helmut Falck (t.v.) og Petter Owesen i rulleskigruppa i Hemsedal trur det er realistisk å få på plass ein fullverdig ski- og skiskyttarstadion. I midten Martin Gaze.
Helmut Falck (t.v.) og Petter Owesen i rulleskigruppa i Hemsedal trur det er realistisk å få på plass ein fullverdig ski- og skiskyttarstadion. I midten Martin Gaze. Foto: Privat

Owesen vil bygge ny arena

Med grunneigar og investorar med på laget vil rulleskigruppa i Hemsedal no bygge ein etterlengta ski- og skiskyttarstadion.

– Planane går heilt tilbake til 2016. Hemsedal har ikkje eit ordentleg stadionområde. Me har knapt nok start og mål, og meiner me må ha ein stadion, og har jobba lenge med det. Me har gått fleire rundar med grunneigar, som har tronge tid på seg til å finne interessentar, seier leiar i rulleskigruppa, Petter Owesen.

Fleire med på laget

No er det lys i enden av skitunnelen. Rulleskigruppa vil ha ein fullverdig ski- og skiskyttarstadion på nedsida av dagens rulleskiløype, mot fellesfjøset. No har dei og grunneigar Joakim Fjeld Fekene fått med seg økonomiske musklar og kompetanse: Martin Glaze, eigar og utviklar av Fossheim Lodge saman med investoren Tord Ueland Kolstad. Dei tre skal i fellesskap utvikle området. Håpet er å få til stadion på halvparten av eigedomen, og utbygging av fritid på den andre.

– Dette betyr for oss at det er blitt meir sannsynleg å få til ei hurtigare realisering av vårt ønske om ein stadion, seier Owesen. Han meiner forprosjektet vil koste rundt tre millionar kroner. Blant anna må dei laga ein reguleringsplan.

– Både eg og Tord har jobba med eigedom i mange år, så dette er noko me kan. Eigedomen er på rundt 50 mål, stadionet vil ta 20–25. Me håpar det er politisk vilje for å få til dette. Det er jo politikarane som bestemmer, seier Martin Gaze.

Manglande tilbod

Ein ski- og skiskyttarstadion er eit ønske som har levd lenge i Hemsedal. Skiskyting finst knapt i kommunen, sidan det ikkje finst skiver å trene på. Denne hausten lagar rulleskigruppa eit treningstilbod for skiskyttarar, med fem-seks skiver, for å i alle fall ha noko å tilby. Fram til i dag har dei rett og slett vore nøydd til å skysse ungar til både Gol og Ål for å trene, noko Owesen meiner er synd for rekrutteringa.

Dessutan meiner han det er moglegheiter for eit slikt anlegg.

– Me er av dei største vinterdestinasjonane, men me har aldri satsa noko særleg kommersielt på langrenn eller skiskyting. Me har ikkje tatt vår del av marknaden, seier Owesen.

For rulleskigruppa ser potensialet for å kunne vere arrangør av større renn når ein fullverdig stadion kjem på plass. Med den størrelsen som er planlagd, 30 skiver, kan dei arrangere alt.

– Me ligg der me ligg i landet, og me har meir enn nok kapasitet på sengeplassar, seier han.

– Ein fullverdig stadion er ei stor investering og vil kunne tilføre Hemsedal eit sårt tiltrengd kompatibelt anlegg for større arrangement, med dei moglegheiter det har for ein kommune og destinasjon som me er.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spent

Owesen meiner at ein fullverdig stadion vil komme til å koste rundt 20 millionar kroner.

– Me er jo spent på korleis dette vil bli mottatt. Men det er eit godt prosjekt og eg håpar me kan spele på lag her, seier han. No startar arbeidet med eit forprosjekt, og dei skal etter kvart forsøke å få med seg næringa, interessentar og kommunen.

Martin Gaze ser for seg at trioen som no investerer i området også vil vere med på ei finansiering av prosjektet.

– Det skulle berre mangle. Dette er jo eit kjempetiltak, både for aktivitetar på sommaren og sjølvsagt vinterstid, seier han.