Ein skuffa Pål Golberg etter langrenn sprint fri teknikk kvartfinale i Zhangjiakou under OL i Beijing 2022.

Golberg om OL-dramaet: - Sånt reknar eg med folk har lært ein ikkje skal gjere

Det var ein positiv Golberg før OL-sprinten i Beijing tysdag. I kvartfinalen rauk han ut med knekt stav og fall.

– Eg stod på start her i dag med håp om å kjempe i toppen. Å ryke i ein kvart då er kjedeleg. Men eg skal ikkje vere lenge skuffa over dette. Noko slikt skal ikkje få påverke meg i timar og dagar, sa Golberg etter løpet.

Dei fire norske herreløparane var i godt humør før prologen tysdag morgon, norsk tid. Etter eit brutalt møte med kuldegrader, høgde og tøffe løyper sundag forsikra Golberg om at kroppen kjentest bra og at han var klar til å gå nye skirenn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han tok seg greitt vidare frå prologen. Golberg gjekk i den fjerde kvartfinalen. Der møter han lagkamerat Erik Valnes, kinesiske Qiang Wang, russiske Artem Maltsev, Lauri Vuorinen frå Finland og Raimo Vigants frå Latvia.

Pål Golberg under langrenn sprint fri teknikk i Zhangjiakou under OL i Beijing 2022.

Frå start la Golberg seg, som så ofte før, bak i feltet. Der leia Erik Valnes ut frå stadion før Maltsev og Vuorinen tok over og sette fart. Då det gjaldt som mest, i siste motbakken før oppløpet låg plutseleg Golberg på bakken.Det same gjorde ein knekt stav.

TV-bileta viser at kinesiske Wang Qiang prøvde å gå inn føre Golberg, som hadde stor fart og prøvde å styre kinesaren til sida. Det enda med fall. Grunna pandemien har kinesaren ikkje konkurrert i verdscupen sidan desember 2019. Han gjekk uvørent og urutinert gjennom store delar av heatet.

– Eg kjenner på meg kva han er i ferd med å gjere, men eg flytter meg ikkje fordi han kjem frå sida. Sånt regner eg med at folk har lært ein ikkje skal gjere. Men sånn styrer eg ikkje, sa Golberg til Discoverys reporter etter sprint-exiten.

Golberg_OL: Pål Golberg låg lenge bakerst i sitt heat. Kinesiske Wang Qiang nummer to bak Erik Valnes.

Det var ein tydeleg skuffa sprintar under TV-intervjuet. Der stadfesta han også at formen var meir enn god nok til avansement.

– Eg er ein «slow starter», men me hadde gått fort og eg hadde min beste del av løpet igjen då det skjedde. Eg hadde vore med Erik der, meinte han.

– Direkte raudt kort

Han fekk støtte av ekspertane i Discovery-studio.

– Eg vurderer det som eit direkte raudt kort. Han er godt trent, men har ikkje lært alle reglane. Eg trur dessverre juryen gir han direkte raudt kort, meinte Tor Arne Hetland i Discovery-studio.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Utfrå bileta ser det ut som han nesten prøver å gå gjennom Pål. Det er veldig synd for Pål, løpet er jo øydelagt, sa kommentatorkollega, Trond Nystad.

Golberg gjekk sist i mål av dei seks i kvartfinalen, og har fått løpet øydelagt sjølv om kinesaren vart diskvalifisert av juryen kort tid etter kvartfinalen. Grunna høg fart gjekk fire løparar gjekk vidare frå den fjerde kvartfinalen. Golberg vart nummer fem etter at kinseraren vart diskvalifisert.

Ser framover

Golberg sine allround-eigenskapar gjer likevel at OL på langt nær er over. Det kjem nye sjansar, og dei er vel så gode som dei var på sprinten.

Fredag er han ein klar medaljekandidat når 15 km klassisk står på programmet. Sundag kan han få ei ny stafettetappe i den norske drakta.

– Eg har ein god distanse på fredag og håpar på ein like god dag då som eg hadde sundag. Det er lov å håpe og tru at eg kan vere med å kjempe om medaljer. Det kjem også ein stafett som eg håpar å kjempe om å få gå.

Les også
- Eg var nesten på gråten med tanke på kor hardt det var
Les også
Synest du det «alltid er ein halling i OL»? Slik har det vore i over 40 år
Pål Golberg etter langrenn sprint fri teknikk prolog i Zhangjiakou under OL i Beijing 2022.

– Løypene passar bra

Før start hadde Golberg ambisjonar, og meinte dei tøffe løypene burde passe han bra.

– Eg går for medalje i dag. Eg har ikkje vore på mitt aller beste på skøytesprint hittil i år, men det siste rennet var ein opptur. Det er moglegheiter her. Dei tøffe løypene burde passe meg bra. Eg ser ingen grunn til å ikkje sikte høgt, sa Golberg til Discoverys reporter i Beijing.

Pål Golberg under langrenn sprint kvalifisering for menn under vinter-OL i Beijing 2022.

Landslagssprintaren frå Gol leverte ein god prolog, og gjekk i mål 6,49 etter Lucas Chanavat, som hadde beste tid i prologen. Til slutt vart Golberg nummer 14.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle dei fire norske herreløparane tok seg greitt vidare. Johannes Høsflot Klæbo vart nummer tre, Håvard Solås Taugbøl nummer sju og Erik Valnes nummer 15.

Tøft heat

– Eg er imponert over Golberg. Vart nummer fem på tremila, og i dag er han restituert og klar for ein god prolog. Så får me sjå kor lenge han har krut i armar og bein. Men det er eit godt teikn at han ikkje er påverka etter å ha gått ei veldig hard tremil, konkluderte tidlegare landslagstrenar- og landslagssprintar, Tor Arne Hetland i TV-studio etter prologen.

Dei tre andre norske herreløparane tok seg vidare til semifinalane. Der rauk både Erik Valnes og Håvard Solås Taugbøl ut.

Pål Golberg gratulerer landslagskollega Johannes Høsflot Klæbo med sprintgullet etter finalen i Beijing.

Det var til slutt norsk jubel då Johannes Høsflot Klæbo sikra sitt andre OL-gull på rad i sprint. Han vann føre italienske Federico Pellegrino og Alexander Terentev frå Russland.

Les også
Derfor kan han ikkje ringe familien før OL-debuten: - Dei er nok meir spent enn meg
Les også
- Goffa likte best å fortelja om korleis OL-løypene var sett. Men iblant drog han til og fortalde om folkefestane og kjendisane
Les også
«Brommaguten kyssa skia. Sende slengkyss til publikum og dansa krigsdans»