Pål Golberg går inn på allroundlandslaget frå neste sesong. Her i målområdet etter Skarverennet.
Pål Golberg går inn på allroundlandslaget frå neste sesong. Her i målområdet etter Skarverennet.

Opprykk for Golberg

Pål Golberg fekk draumen oppfylt med ein plass på allroundlandslaget i langrenn.

Langrenn: Fredag vart neste sesongs landslag i langrenn offentleggjort i samband med skarverennsopninga.

Etter to år på eit reint sprintlandslag, fekk Pål Golberg tillit frå sjefane og ein plass på allroundlandslaget. I OL-sesongen fekk han vist potensialet sitt som ein allsidig langrennsløpar. Med siger på 15 km klassisk på Lillehammer, og fleire pallplasseringar i sprint, var det ikkje overraskande at 23-åringen vart lønna med opprykk til allroundlaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me startar med oppladinga no frå fyrste mai, så går det slag i slag med samlingar frå juni og mykje trening, sa Golberg dagen etter uttaket.

Satsar ungt

Det er store utskiftingar på herresida.

Berre Eldar Rønning, Sjur Røthe og Martin Johnsrud Sundby er att på allroundlaget frå sist sesong.

– Me ønskjer å signalisere ein retning mot neste OL, og planlegg for det. Dette er ikkje eit generasjonsskifte, men me har ein ung profil på dei ulike laga. Sesongopplegget blir lagt opp på same måte som tidlegare, men med færre døgn høgda enn før. Me får også opp nye løparar på lag i eigne rekker, både frå rekrutteringslandslaget, regionlag og private team. Dette er ei fin stadfesting på at systemet fungerer, seier landslagssjef Vidar Løfshus i ei pressemelding.

Dette er laget

Desse er på allroundlaget neste sesong:

Menn: Pål Golberg (Gol), Chris Jespersen (Korlevoll), Eldar Rønning (Skogn), Sjur Røthe (Voss), Simen Andreas Sveen (Ring), Martin Johnsrud Sundby (Røa), Didrik Tønseth (Byåsen), Simen Østensen (Fossum)

Kvinner: Celine Brun-Lie (Njård), Marit Bjørgen (Rognes), Maiken Caspersen Falla (Gjerdrum), Martine Ek Hagen (BUL), Kathrine Harsem (Varden), Astrid Uhrenholdt Jacobsen (Heming), Therese Johaug (Nansen), Marthe Kristoffersen (Varden), Kristin Størmer Steira (Forsøk), Heidi Weng (BUL), Ingvild Flugstad Østberg (Gjøvik).