annonse

Ny vinter på sprintlaget

Med
Med: Pål Golberg fekk fornya tillit av landslagsleiinga i langrenn. (Foto: Mona N. Stensvold)
Slik ser landslaga ut:

Pål Golberg får sjansen på sprintlandslaget også neste sesong.

Mona N. Stensvold

Langrenn: Måndag kom langrennslandslaga for neste sesong.

På sprintlandslaget var det to nye namn, men ingen store overraskingar. Fjoråret var prega av kyssesjuke i sesongoppkøyringa, og VM-draumen rauk.

Men no er Pål Golberg frisk og klar for ein ny verdscupsesong. Han var ein av sju løparar som fekk plass på sprintlandslaget for neste vinter.

– Pål Golberg er tilbake, frisk og med ny frisyre. Han har lagt sjukdom bak seg og gler seg til eit nytt, bra år, sa Arild Monsen då laga vart presentert.

Etter tre år på rad med VM og OL, blir vinteren som kjem utan meisterskap. I staden ventar eit beintøft konkurranseprogram for løparane. Totalt blir det nærare 40 verdscuprenn i løpet av vinteren.

– Det er ein enorm sesong med bortimot 40 verdscuprenn – med tre tourar som høgdepunkt, seier fersk langrennssjef Espen Bjervig.

 

annonse