Hege Bøkko kom på 14.-plass på 500 meter laurdag.
Hege Bøkko kom på 14.-plass på 500 meter laurdag.

Ny sterk 500 meter av Rukke - Bøkko på 14.-plass

Henrik Fagerli Rukke noterte seg laurdag for ein fin 4.-plass i B-gruppa 500 meter i Heerenveen.

Verdscupen i skøyter held fram, og denne helga er dei beste samla i Heerenveen i Nederland. Laurdag var det 500 og 1500 meter. Sundag er det 1000, 3000 og 5000 meter.

12 hundredel bak

Henrik Fagerli Rukke frå Hol har hatt ein fin sesong så langt i år. Laurdag følgde han opp med 4.-plass på 500 meter i B-gruppa. Tida hans vart 35.23 som var 12 hundredel bak vinnaren Alex  Boisvert-Lacroix, Canada.

Artikkelen held fram under annonsen.

I A-gruppa gjekk Håvard H. Lorentzen 500 meter på 34.76. Det heldt ikkje til meir enn 9.-plass, 27 hundredel bak vinnar Pavel Kulizhnikov frå Russland.

- Manglar toppfart

Hege Bøkko gjekk også 500 meter i kvinnenes A-gruppa. Hege fekk tida 38.39 som gav henne 14.-plass. Ho var 1.21 bak vinnaren Nao Kodaira, Japan.

På mennenes 1500 meter var nederlandske Thomas Krol best med 1.43.78. Det var ein jamn og god konkurranse. Håvard Bøkko enda på 13.-plass med tida 1.45.90.

Henrik Fagerli Rukke.
Henrik Fagerli Rukke.

- Eg manglar toppfarten. Innersvingane er for dårleg. Det må eg jobbe med, sa Håvard Bøkko til NRK etter løpet.

Best av dei norske  på 1500 meter var Allan Dahl Johansson med 1.44.81. Det heldt til ein 6.-plass.