NM i skiskyting går av stabelen på Liatoppen i helga.
NM i skiskyting går av stabelen på Liatoppen i helga.

NRK-kommentator trur fleire profilar kan melde pass

NRK-kommentator Andreas Stabrun-Smith trur fleire skiskyttarprofilar kan kome til å stryke seg frå startlista.

Fredag var han alt på plass i kommentatorbua for teknisk test då meldingane kom om at både Johannes Thingnes Bø og Tiril Eckhoff vel å stå over NM.

– Kan det kome endå fleire avbod, eller trur du profilane som står att kjem til å stille til start?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er ikkje sikker på det. I alle fall ikkje begge dagar. Det ville vere naturleg i sesongopplegget deira om dei ikkje går begge dagane, seier Stabrun-Smith.

Halve landslaget uteblir

Fredag kveld vart startlistene til laurdagens sprint publisert på NM-arrangøren si nettside. Her går det fram at nesten halvparten av landslagsprofilane uteblir. 

I herreklassen stiller det lokale håpet frå Geilo IL, Vetle Sjåstad Christiansen. Han får konkurranse frå Henrik L'Abée-Lund, Lars Helge Birkeland og Erlend Øvereng Bjøntegaard. Derimot blir ikkje profilane Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø å sjå i løypene på Liatoppen.

I kvinneklassen er det berre tre av seks landslagsløparar som stiller til start, Marte Olsbu Røiseland, Thekla Brun-Lie og Emilie Ågheim Kalkenberg. Verken Tiril Eckhoff, Synnøve Solemdal eller Ingrid Landmark Tandrevold kjem til å gå sprinten laurdag. 

– Synd for arrangøren

NRK-kommentatoren har forståing for at Johannes Thingnes Bø ikkje går, han siktar mot verdscupsigeren samanlagt og har tynt treningsgrunnlag. NM er dessutan ikkje noko som vanlegvis står på programmet for dei beste skiskyttarane på denne tida av året. Men han synest det er veldig synd for arrangørane av NM at det blir slik.

– Dei har stått på og sikkert gleda seg til dette. Desse beskjedane kjem jo siste dagen også, det kunne ein vel vurdert å gjere noko med. At Johannes ikkje skal gå har forbundet visst i langt tid. Det er ikkje akkurat slik at NRK hadde trekt seg frå å sende dette om den beskjeden kom vesle julaftan, seier han.

Direktesending

Stabrun-Smith er ikkje så bekymra for TV-tala sjølv om nokre av profilane vel å stå av.

– Folk liker å sjå korleis det går likevel. Men me har berre sendt NM direkte ein gong før, så me er spent. Dessutan er det for første gong ordentleg spennande kring kven som skal gå verdscup og VM, så no er det mange som har mykje å gå for. Då blir det kanskje verdt å sjå på uansett.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ikkje arroganse

Stabrun-Smith poengterer at Johannes Thingnes Bø vanlegvis brukar å gå NM, og at han gjekk sist gong det vart arrangert.

– Så du trur ikkje det at han og Eckhoff står over er arroganse?

– Det seier eg definitivt nei til.